Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Digital kompetanse

Arne Krokan er professor ved NTNU i teknologi, kommunikasjon, organisasjon og leiing. Han deler det norske folket inn i tre store grupper: gamlisar, digitale immigrantar eller innvandrarar og digitale innfødde.

Eldre dame i sofa med laptop på fanget. Foto.

Ikkje alle eldre er "gamlisar". Nokre er digitale innvandrarar.

Kategoriane Krokan brukar og omgrepet "digitalt innfødde" dukka først opp i Marc Prenskys artikkel "Digital Natives, Digital Immigrants" frå 2001. Vi skal sjå nærmare på Krokan si beskriving av desse:

Gamlisane

Gamlisane snakkar om krigen og drøymer om einerom på sjukeheimen. Dei er redde for Internett, har platespelar og hugsar den gongen det var dans på lokalet. Då var det spelemennene og radioen som var inngangen til musikkverda.

Digitale innvandrarar

Dei digitale innvandrarane ser på pc-ar og mobiltelefonar som teknologi. Dei synest det er kjekt å kunne ringje barnebarna direkte på mobiltelefonen deira, dei sender meldingar […] og snakkar kanskje med dei på Skype. Dei har med slit og strev lært seg å bruke PC-ar, sender etter kvart svært mange SMS-ar, men vil helst framleis lytte til musikk på stereoanlegget i stova. Og dei abonnerer på papiraviser.

Der den digitale immigranten les bruksrettleiinga til den nye GPS-en, mobiltelefonen eller routeren i heimenettverket, køyrer den innfødde berre på. Gjennom sitt omfattande kontaktnettverk kjenner dei alltids nokon som kan dette frå før, og som kan gi dei «kortversjonen» av korleis dei skal få det til å fungere. Dette har dei lært seg fordi det alltid har vore mogeleg for dei å spørje, dei har alltid vore på MSN, dei har vakse opp med mobiltelefonar og SMS og dei har lært seg korleis ulike nettsamfunn fungerer for å dele kunnskap.[1]

Digitalt innfødde

Dei digitalt innfødde er streamarane, «always on», dei snakkar engelsk nesten som innfødde og tek teknologien for gitt. Dei har aldri tenkt over at internett er relativt nytt, og at det går an å lure på kva Face Time er.

Ein tredel av norske fire- og femåringar er inne på nettet. Internett og mobiltelefon er ein del av deira omgivnader. Du som les dette er sannsynlegvis ein digitalt innfødd. Du vil ha problem i kvardagen om mobilen og internett blei tekne frå deg. Desse media er like naturlege for deg som det for gamlisane er å slå på det elektriske lyset. Ein gong var det også nytt og merkeleg.

Døme

Ein fem-års gut fekk forklart av bestefaren sin at den gongen då han var liten, hadde dei ikkje datamaskinar og ikkje noe som heitte e-post. Guten stirde tenksamt og forundra på han og spurde: «Utan datamaskinar, – men korleis kom de då inn på internett?»

Denne guten vil nok ikkje ha nokon «knappeskrekk». Han vil sannsynlegvis bli god til å kople opp den nye Get-boxen for bestefaren utan å lese bruksrettleiinga, men han har ei utfordring når han skal forklare gamlisen korleis han kan finne klassisk musikk på Spotify.

Den som er fødd inn i det digitale nettsamfunnet har også ein digital kompetanse som dei eldre kan misunne dei. Dei kan utnytte dei digitale media sine uttrykksformer og kommunikative kraft. Dei veit også korleis dei kan lære det dei ikkje beherskar frå før.

Digital kompetanse

Den digitale kompetansen dreier seg ikkje berre om å ha høyrt om noko, men å meistre det. Mens dei digitale innvandrarane, som til dømes mange av lærarane, har vakse opp i tekstsamfunnet, veks elevane opp i biletesamfunnet. Dei «les» sider på nettet forskjellig frå måten dei digitale innvandrarane les skjermtekstar på

Ulike lesemåtar

Mens tekst tradisjonelt blir lesen frå øvste venstre hjørnet og deretter linje for linje, blir bilete lesne på ein heilt annan måte. Og mykje tyder på at erfaringane med visuelle media som film og dataspel også blir overførde til sider som inneheld tekst. I staden for å lese lineært og sekvensielt, leitar augo etter ikona, det klikkbare og det visuelle. Dei leitar etter høgdepunkta og det viktige, dei komponentane som skaper meining i eit skjermbilde.

Slik fungerer tradisjonelt redigert tekst dårleg, fordi han ikkje gir noko haldepunkt for kva som er viktig eller uvesentleg. I teksten framstår i utgangspunktet alt som like viktig, og ein må ofte konsumere det heile for å skjønne kva teksten vil formidle, mens eit bilete fungerer på ein heilt annan måte. Det blir lese meir på same måten som skjermbilete.[2]

Den digitalt innfødde les utan problem ein tekst og hoppar enkelt til nye tekstar via hyperlinkar til andre stader i systemet. Den som redigerer hypertekstar tenkjer ikkje lenger berre lineært slik som ved redaksjonen av ein tradisjonell tekst. Han kan springe frå tema til tema og tilbake igjen utan å miste tråden.

Ikonisk kompetanse

Arne Krokan hevdar at den ikoniske kompetansen, «evna til raskt å sjå kva som er viktig i eit skjermbilde og kva som ikkje er det», skil dei innfødde frå den tekstorienterte foreldregenerasjonen. «Der mor vil lese boka, vil barna helst sjå filmen. Og der mor er fornøgd med å lese boka og kanskje høyre på ein diskusjon om den på tv eller eit bokbad, vil barna delta i diskusjonen på nettet.»

Krokan seier at denne nye kompetansen skapar utfordringar for skolen, som berre i liten grad har teke dette innover seg i utforminga av undervisningsopplegg, læringsprosessar og øvingsoppgåver. Både godt og dårleg, kommersielle interesser og filantropi (menneskekjærleik), datasnokarar og kunnskapsbasar finst på nettet.

Kjeldekritikk

Utfordringa blir å lære mediekritikk, «å skilje skitt og kanel». Vi må også ha eit kritisk auge på kjelda for dei opplysningane vi hentar frå internett. Dette kan kallast kjeldekritikk. Med det store informasjonstilfanget som vi i dag har til disposisjon, er det viktig å stille spørsmål til kjelda for informasjonen. Kven står bak? Kvar kjem desse opplysningane frå? Kva er bodskapen? Kan vi stole på denne kjelda?

Kritikk av omgrepet "digitalt innfødde"

Kategoriane til Prensky kan brukast for å illustrere at det finst ulike tilnærmingar til digital teknologi mellom generasjonane, slik Krokan gjer her. Samtidig mister vi ein del nyansar ved å bruke omgrepa.

Ikkje minst er omgrepet "digitalt innfødde" omdiskutert. Er det verkeleg slik at ungdom i dag har ei slags medfødd forståing av det digitale? Viss omgrepet brukast for å hevde at dei som veks opp i ein digital kvardag ikkje treng opplæring, blir det problematisk. Barn og unge brukar digital teknologi utan å nødvendigvis reflektere så mykje over kva de gjør og kvifor. Mange manglar den kjeldekritiske kompetansen som Krokan nemner, men også forståinga av systema bak appane og verktøya dei brukar. I tillegg er det store forskjellar på tilgang til digitale verktøy og opplæring.

Tenk over: Kva for kriterium meiner du må fyllast for å kunne kalle seg ein "digital innfødd"? Er du ein digitalt innfødd ut frå desse kriteria?

Les meir

Professor Arne Krokan har gjennom flere år blogget om digital utvikling i Norge. Du kan lære mye ved å lese bloggen hans her.

  1. 1«Moderne oppvekst: nye tider, nye krav». Glaser, Vibeke Bølstad, Jan. Universitetsforl.. 2008.
  2. 2«Moderne oppvekst: nye tider, nye krav». Glaser, Vibeke Bølstad, Jan. Universitetsforl.. 2008.
Sist oppdatert 11.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl og Marthe Moe

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar