Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale medium og opphavsrett

Tall frå 2018 viser at 92 prosent av nordmenn mellom 18 og 29 år ein profil på Facebook. På Facebook kan du finne statsministeren, kongehuset, kjendisar, husmødrer, besteforeldre, fjortisar, rasistar og fotballfans i skjønn foreining.

Facebook. Foto.

Nye digitale sosiale medium

På Facebook kan du kommunisere med «venene» dine, finne nye vener, melde deg inn i interessegrupper, diskusjonsgrupper og pressgrupper. På Twitter kan du skaffe deg følgjarar, på den personlige bloggen din får du lesarar og kommentarar. Snapchat har blitt det nest største sosiale mediet i Noreg, og det er i større grad brukt av ungdomar enn av vaksne.

På YouTube kan du leggje inn filmsnuttar som du kanskje hadde tenkt for dei næraste i familien. Plutseleg er dei tilgjengelege for millioner av tittarar. På Flickr har du eit stort biletgalleri tilgjengeleg.

Sosial samhandling

Det finst ei rekke andre sosiale media på nettet. Du kan chatte, dele bilete og musikk, følgje vennene dine, protestere og sjikanere. Sosiale media har hatt ein sterkare vekst enn nokon har kunna tenkt seg. I dag er dei tilgjengelege på alle skjermformat.

Sosiale media har gitt oss arenaer for sosial samhandling som er heilt nye i mediehistoria. Ved å projisere ditt «alter ego» i cyberspace, nettrommet, kan du utnytte alt som er mogleg der. Du kan vere anonym, geografisk avstand spelar inga rolle, du kan føle nærleik, og oppleve samanfall i tid, sjølv om den du kommuniserer med sit på bussen i Sydney eller Montreal.

Sosial avstand

Også sosial avstand kan viskast ut. Du kan knyte kontaktar med menneske du elles aldri hadde møtt, og med menneske du sannsynlegvis aldri vil komme til å møte. Grupperingar kan oppstå på tvers av venner og kjende. Vi ser ikkje den vi skriv med og kan derfor også bryte sosiale grenser som ville ha spela ei rolle i det verkelege livet, som alder, kjønn, sosial klasse og yrke.

Språk

Språket vi brukar har trekk frå både skriftleg og munnleg kommunikasjon. Dei formelle krava til det du skriv er ikkje like strenge som om du skulle publisere ein avisartikkel. Men språket vil avhenge av sjangeren. Det er forskjell på å skrive e-post og chatte, mottakaren du skriv til vil ha innverknad på det språket du brukar. Du kan bruke smileys, såkalla emotikon, for å kompensere for at du ikkje kan formidle kroppsspråket.

Opphavsrett

Når du lagar ein blogg, skriv noko på «veggen» i Facebook, eller lagar ein wiki, inviterer du samtidig andre til å delta og bidra. Nettbrukarane deler informasjon, utvekslar erfaringer, diskuterer, produserer innhald og deler kunnskap med kvarandre. Deling og deltaking er viktige stikkord for nettbruken; men som vi har sett, utfordrar denne delinga også opphavsretten, retten til det åndsverket du har laga.

Når vi lagrar informasjon på ein nettstad, blir det tilgjengeleg for alle som har tilknyting til nettverket. Ifølgje åndsverkslova har opphavsmannen til eit åndsverk einerett til kopiering og einerett til å gjere det tilgjengeleg for folk flest. Han har også rett til å skaffe seg inntekt ved at verket blir spreidd og utnytta. Etter åndsverkslova er fildeling, utan samtykkje utanfor det private området, ulovleg. .

Dersom musikk, tekstar eller filmar – også dei som finst på nettet – skal publiserast vidare offentleg, må det innhentast samtykkje frå opphavsmannen for å kunne bruke det vidare. Innanfor vitskapleg produksjon er det «fair play» å sitere avgrensa delar av åndsverket til andre forskarar utan samtykkje, berre du gjer merksam på kvar sitatet er henta. Noko anna ville vere å stele åndsverket.

Sist oppdatert 04.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar