Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nettbrett

I mange heimar og på stadig fleire skular overtar nettbretta mange av funksjonane til PC-ane. Kanskje gjer du leksene dine, bloggar, kjøper billett til trikken, les aviser, speler og gjer andre ting på nettet ved hjelp av nettbrettet.

Aftenposten på lesebrett. Foto.

Aftenposten på lesebrett

I 2007 kom lesebretta. Amazon lanserte sitt Kindle der bøkene, som blir lasta ned, må kjøpast hos Amazon. Apple følgde opp med iPad der du ikkje er bunden til ein bestemt forhandlar. No får du nettbrett frå mange produsentar, og dei har langt fleire funksjonar enn å berre vere lesebrett. I dag kan du gjere det meste på eit nettbrett som du kan gjere på ein PC.

Utviklinga utfordrar

Mykje tyder på at vi berre står ved starten når det gjeld å utnytte dei nye digitale media. Utviklinga satte ein støkk i forlagsbransjen, og har fått store konsekvensar for forfattarar og produsentar av tekstar som tidlegare fekk betalinga si via royalty av sal.

Denne utviklinga har allereie ramma musikkbransjen, der gratis nedlastbar musikk frårøvar skaparane av musikk inntekter dei tidlegare hadde av sala. Opphavsrett har blitt eit varmt diskusjonstema.

Både forlag og musikkbransjen tilpassar seg. Til dømes får du i dag får du lærebøker spesiallaga til nettbrett, og på stadig fleire skuler har nettbretta ersatta PC-ane. Du kan abonnere på musikkstraumetenester som Spotify og betale for å sjå filmar på til dømes Netflix.

Ein trussel mot gamle medium?

Nettbretta har i dag blitt ei massesalsvare, men vi har tidlegare sett at nye medium ikkje nødvendigvis slår ut dei gamle. Filmen har ikkje gjort teateret gammaldags, fjernsynet har ikkje utkonkurrert radioen. Det er sannsynleg at lesebrettet ikkje vil utkonkurrere boka, men det kan bli eit supplement.

Sist oppdatert 13.12.2018
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar