Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå massemedium til personlege medium

Den nyaste tendensen i medieutviklinga er overgangen frå massemedium til personlege medium. Dei nye generasjonane berbare datamaskinar gjer det mogleg for brukarane å delta på ein heilt annan måte enn det var mogleg med klassiske massemedium.

Wikipedia. Foto.

Wikipedia

Ved at brukarane sjølve skaper innhaldet, har nettet, eller web'en, utvikla seg til eit nytt medium. Utviklinga av raske søkjemotorar har medverka til auka bruksverdi.

Person skriv SMS. Foto.

Wikipedia og sms

Ein god illustrasjon er oppslagsverket Wikipedia som ut frå ein sped start har vakse til eit verdsomspennande idealistisk tiltak. Brukarane skriv sjølve inn tekstane som andre kan ha nytte av.

Teknologien oppmuntrar til kreativitet og nydanningar som ofte er skapte av brukarane sjølve. Det var brukarane som utvikla SMS eller Instant Messages.

Bloggar og sosiale medium

Enterknapp på tastatur hvor det står blog. Foto.

Brukarane oppretta bloggar som det no finst millionar av. Oppfinnsame amatørar har blitt gründerar og har utvikla system for sortering og deling av informasjon av typen YouTube.

Deretter kom danninga av sosiale nettverk som Facebook, Instagram,Twitter og Flickr.

Googles-applikasjonar med tilbod av gratis programvare over nettet har blitt ein hard konkurrent for betalingstenester.

Ein viktig skilnad

Ved den klassiske massekommunikasjonen er mottakarane mange og ukjende for avsendaren. Det er nesten ikkje mogeleg med tilbakemelding frå mottakarane. Presse, radio, fjernsyn og film er eksempel på massemedium.[1] Internett kan også reknast som eit massemedium, mottakarane er mange og spreidde, ofte også ukjende for avsendaren.

Internett kan formidle den same bodskapen til mange slik som klassiske massemedium. Samtidig kan Internett formidle individuelle meldingar over store avstandar slik som telefonen og telegrafen. Verdsveven er på same tid både eit massemedium og eit personleg medium.[2]

På ein heilt annan måte enn før er det no mogleg for mottakarane på Internett å gi tilbakemeldingar, delta i diskusjonssamfunn og avstemningar og slik vere avsendarar. Når enkeltindivid lagar heimesider, bloggar og er med i sosiale medium, inviterer dei også til deltaking og personleg kontakt.

Det er også mogeleg for brukaren av Internett ved hjelp av søkjemotorane å oppsøkje spesifikk kunnskap på nettet. Ho eller han kan abonnere på nyheitstenester og få nyheitene servert direkte på skjermen i same augneblinken nyheitsleverandøren sender ut ei melding. Brukaren kan kjapt undersøkje rutetabellar, vêrmeldinga, kjøpe bussbillettar eller sjekke vegforholda på ulike app'ar før ho legg ut på ei reise. På den måten blir mediet i alle fall brukt på ein personleg måte.

  1. 1«God kontakt: praktisk kommunikasjonslære». Kvalbein, Asbjørn. IJ-forl.. 1999.
  2. 2«Tekst.no: strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, Ture Otnes, Hildegunn. Fagbokforlaget. 2006.
Sist oppdatert 10.12.2018
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar