Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utviklinga av datamaskinen

Dei første datamaskinene fylte store salar og utførte forholdsvis enkle rekneoppgåver. I dag kan du utføre avanserte oppgåver i små handhaldne datamaskiner. Denne rivande utviklinga har tatt under 100 år.

En av meteorologisk inststutts første datamaskiner. Foto.

Oslo, 1961: Datamaskin kjem til Meteorologisk institutt.

Brukargrensesnitt

Den første datamaskina i Noreg. Foto.

Den første datamaskina i Noreg.

Den personlege datamaskinen begynte å bli utbreidd i 1980-åra. Dei første var dyre, arbeidde sakte og hadde liten kapasitet, sett med dagens augo. Historia viser at de hadde sine forløparar særleg som reknemaskinar. Det var utviklinga av eit effektivt operativsystem og eit brukarvennleg grensesnitt som sette fart i utviklinga og lét dei bli tekstbehandlarar.

Med brukargrensesnitt meiner vi måten brukaren av ei programvare kommuniserer med eit dataprogram på. Brukaren kan nytte visuell informasjon på skjermen og kommandofunksjonar som han eller ho gir med tastaturet eller musa til maskinen. Det må skje ei slags form for omsetjing for å kommunisere gjennom grensesnittet (interface på eng.).

På tilsvarande måte kan ein tale om fysisk grensesnitt mellom fysiske komponentar i ein datamaskin, til dømes gjennom elektriske kontaktar, og grensesnitt mellom ulike programvarer der informasjonen må omsetjast og tolkast i eit «språk» som dei ulike programma brukar.

Frå EDB til IT og IKT

Gamal pc. Foto.

Gamal pc til kontorbruk.

Maskinane blei først brukte til elektronisk databehandling (EDB). Omgrepet blei seinare til informasjonsteknologi (IT) og gradvis erstatta av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT).

Nemningane fortel noko om utviklinga. Frå å vere databehandlingsutstyr blei maskinane brukte til å overføre informasjon, og deretter til å utveksle informasjon, altså eit kommunikasjonsverktøy.

Datamaskinene erstatta raskt skrivemaskinane. Dei kunne også lagre og behandle store mengder med data, og etter kvart som dei blei knytte saman i stadig større nettverk, tok det heilt av. Både tekst, lyd og bilete kunne behandlast digitalt og lettvint sendast og delast med andre.

Internett

Først i 1990-åra blei Internett og elektronisk on-line-tilknyting tilgjengeleg for det store publikum i Noreg som i andre land. Sidan 1950- og 1960-åra hadde det eksistert militære datanettverk. Då den sivile delen blei skilt ut under namnet Internett, og nettlesarar gjorde world wide web, verdsveven, tilgjengeleg for vanlege brukarar, nærmast eksploderte bruken i første halvdel av 1990-åra.

Tim Berners-Lee. Foto.

Tim Berners-Lee.

Tim Berners-Lee er ein britisk vitskapsmann som jobba ved CERN i Sveits. Han foreslo etableringa av world wide web i 1989. I 1990 blei den første kommunikasjonen mellom ein http-klient og ein servar gjennomført via Internett.

Elektronisk kommunikasjon ved hjelp av e-post har etter kvart blitt den vanlegaste måten å kommunisere med kvarandre på. Dette har forandra arbeidsrutinane i bedrifter og organisasjonar. Mens det tidlegare kunne gå dagar og veker før ein fekk svar på eit brev, nærmast ventar ein no at mottakaren responderer med det same, i løpet av dei nærmaste timane eller dagane.

Netthandel

Sjølvsagt har også kommersielle aktørar funne måtar å bruke Internettet på. Mange av dykk som har vakse opp i dataalderen handlar lettare på nettet enn i butikken. De har tilgang til eit stort utval varer og kan samanlikne prisar og kvalitet. Reklamen på nettet rettar seg mot utvalde brukargrupper som for eksempel unge menneske.

Nettaviser

Avisene var tidleg ute og la ut siste nytt på nettet. Etter kvart har dei gode intensjonane med nettutgåvene blitt papiravisene sin største trussel. Særleg har opplagstala for laussalsavisene stupt. Konkurransen frå nettavisene skaper no store problem for papiravisjournalistane som må finne nye plattformer. Yngre menneske finn ofte nyheiter og fellesskap på nettet og les ikkje papiraviser på same måten som dei eldre generasjonane.

I dag finst det ei mengd tilbod av alle slag på nettet: Program, varer, simuleringar, nettspel, reality-show, filmar og musikk. Radio og TV, deling av bilete, ulike kommunikasjonsplattformer, bloggar, tekster og e-bøker er lett tilgjengelege og medverkar til endring av samfunnet.

Mobiltelefonen blir smart

Steve Jobs med iPad fra Apple. Foto.

Steve Jobs med iPad frå Apple.

Utviklinga og utbreiinga av mobiltelefonen skjedde parallelt med utviklinga av datamaskinen og Internett. Kreative produktutviklarar fann ut at mobilen også kunne bli eit hendig fotoapparat. Fleire tenester har etter kvart blitt tilgjengelege på mobiltelefonen.

I 2007 lanserte Apple sin iPod Classic som kunne lagre 40 000 songar. Ikkje lenge etter kom iPhone der alt var integrert: musikk, lyd og bilete og sjølvsagt tilgang til Internett.

Nye funksjonar har komme til. Med GPS (Global Positioning System) kan du sjå kvar du heile tida er ved hjelp av kommunikasjonssatellittar. Du kan du sjå kva slags vêr du har i vente, og kva e-postar du ikkje har lese og surfe på nettet. Den vesle dingsen er kalender, avtalebok, radio, musikklager, videoopptakar, fjernsyn og filmframvisar, alt i eitt. Mange produsentar konkurrerer om å bli mest brukarvennlege og om design. Dekselet og utforminga av mobilen har også blitt høgste mote.

Tenk over: Korleis har mobiltelefonane utvikla seg i di levetid?

Sist oppdatert 16.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar