Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fjernsyn

I likheit med film er fjernsyn eit audiovisuelt medium.NRK begynte prøvesendingar av fjernsyn i slutten av 1950-åra. Fort blei fjernsynet eit samlingspunkt i familiane. I dag har digitaliseringa gjort at vi ser TV-program når vi vil, og gjerne for oss sjølv.

Fjernsynets start i Norge

Fjernsynets start i Noreg.

Laurdag 20. august 1960 blei regulære fjernsynssendingar opna av kong Olav. Ti år seinare hadde fjernsynet blitt Noregs dominerande massemedium, noko som sjølvsagt blei forsterka ved at NRK hadde monopol på sendingane. «Alle» såg dei same programma. Nyheiter, debattar, krim og underhaldning blei debatterte på arbeidsplassane.

Kong Olav åpnar fjernsynet

Betydinga til fjernsynet

Kva fjernsynets inntog betydde kjem fram i sivilingeniør Christian K. Rytters bok «Kva er fjernsyn» frå 1953:

"Alle undersøkingar og erfaringar viser at samtidige inntrykk av bilete og lyd normalt fester ein situasjon langt betre i menneskeminnet enn berre lydinntrykk. Verkemidla er langt sterkare enn i vanleg kringkasting. Dessutan trekkjer fjernsynet folk til mottakarane, fordi det er noko spesielt ved å kunne sitje i si eiga stove og sjå hendingar som går føre seg kanskje tusenvis av kilometer borte – i den augneblinken det skjer." [1]

Då månelandinga i 1969 gjekk på direkte overført fjernsyn frå USA. Kjensla av å oppleve noko stort samtidig over heile verda har vore kalla det beste tv-minnet til alle tider.

Månelandinga

Debatt om fjernsynet

Frå 1970-åra blei fargefjernsyn vanleg. Etter kvart blei også mediet meir debattert og problematisert. Den kanadiske medieforskaren Marshall McLuhans bok «Understanding media» blei omsett til norsk med tittelen «Mennesket og media». McLuhans omtale av fjernsynet var kanskje ein "spådom" om det som skulle skje i det mediesamfunnet vi etter kvart var i ferd med å gå inn i med den digitale revolusjonen:

"Jo, fjernsynet får dei tradisjonelle banda – til familien, naboane, heimbyen – til å svekkjast. Heile verda blir éin familie. For fjernsynssjåaren oppnår same slags kontakt med personane på skjermen som med medlemmene av sin eigen familie."[2]

Korleis fjernsynet blir brukt og kor mykje tid ein brukar framfor fjernsynet, er stadig oppe til diskusjon. Foreldre og barn har ofte ulik oppfatning av kor mykje tid ein kan bruke på fjernsynet i forhold til andre aktivitetar. Mange, både vaksne og barn, brukar fjernsynet mest som underhaldning og avkopling.

Fjernsynsvanane endrar seg

Då fjernsynsmonopolet fall i 1981 og kanalvala via satellittar blei mangfaldige, kom verkeleg «verda inn i stova». Fjernsynet førde til endringar i både film, radio og presse. Mediet var suverent når det galdt å vise fjerne hendingar samtidig som dei skjedde kvar som helst det var ein mottakar.

Når ein sig ned i sofaen med fjernkontrollen, er det lett å setje hjernen i fri og bli sløv. Med den digitale utviklinga kan vi no sjå TV på mange plattformar. Vi ser program på Nett-TV når det passar oss, vi ser TV-klipp på sosiale medium, eller er det video? Grensene er ikkje så skarpe som dei var for berre tiår sidan.

  1. 1«Norsk mediehistorie». Bastiansen, Henrik Grue Dahl, Hans Fredrik Dahl, Hans F Hans Fredrik, Dahl. Universitetsforl.. 2008.
  2. 2«Mennesket og media». McLuhan, Marshall. Pax. 1997.
Sist oppdatert 17.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar