Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Audiovisuelle medium

Med audiovisuelle medium meiner vi medium som brukar både visuell og auditiv kommunikasjon. Du kan bruke både augo og øyra for å ta imot bodskapen. Her skal vi sjå på film og filmanalyse.

James Dean

James Dean

Stumfilm

Filmproduksjonen skaut først fart omkring 1920. Til å begynne med var filmen berre eit visuelt medium. Stumfilmane stilte særlege krav til korleis karakterane skulle uttrykkje kjensler med gestar, blikk og mimikk. Ofte blei filmen akkompagnert av musikk frå kino- pianisten.

Norsk stumfilm

Lydfilm

Då lydfilmen blei alminneleg på 1930-tallet, fekk kinoane ein oppsving, sjølv om dei fleste utanlandske filmane inntil i dag har vore forsynte med undertekstar. Norsk Film har produsert norske filmar frå 1932. Kinobesøket låg på topp i 1950-åra før fjernsynet blei vanleg. Filmavisa gav aktuelle reportasjar frå inn- og utland.

Film som massemedium

Film har alltid vore sett på som eit typisk massemedium. Filmen nådde store menneskemengder på éin gong. Dette blei fort fanga opp av kommersielle interesser, og reklamefilmen blei tidleg fast følgje ved filmframvisingane. Filmen gjorde det mogeleg å tilby informasjon, folkeopplysning, orientering og underhaldning på mange måtar.

Tenk over: Korleis påverkar filmar deg?

Filmanalyse

Ein film kan analyserast omtrent på same måten som ein tekst. Her kjem eit forslag til kva du kan sjå på når du skal analysere ein film:

Sjanger

Kva slags sjanger er filmen? (western, krim, dokumentar, drama, informasjonsfilm, romantikk)

Handlinga

Lag eit referat av handlinga.

  • Korleis opnar filmen?
  • Kva er det første vi får sjå?
  • Kva er handlinga?
  • Kva er filmens tema?
  • Konflikt?
  • Kva er klimaks?
  • Korleis er framdrift i forteljinga?
  • Korleis sluttar filmen?

Persongalleriet

  • Kven er hovudpersonane?
  • Kven er bipersonar? Andre?
  • Kva eigenskapar har personane?
  • Forandrar dei seg i løpet av filmen?
    • I så fall: korleis og kvifor?
  • Korleis ser dei ut?
  • Korleis speler dei i rollene?
  • Kva klede og kostyme blir brukt?

Omgivnader

  • Kvar går scenene i filmen føre seg? (ute, inne, by, land, utlandet, ved sjøen)
  • Når skjer handlinga? (Historisk? Vår tid? Framtid?)
  • Sosiale forhold? (fattige, rike, klassemotsetningar)

Bodskap

Kva er bodskapen i filmen? Kva vil han fortelje oss? Kva kan vi lære? Har filmen medverka til at du har fått utvida perspektivet ditt? Ny røyndomsforståing?

Verkemiddel

Korleis er kamerabruken? (kamerarørsler, zoom, bildevinkel, nærbilde, utsnitt, perspektiv)

  • Korleis er framdrifta i filmen? (langsam, springande, høgt tempo)
  • Korleis er bruken av musikk og lydeffektar?
  • Korleis er bruken av lys, skygge og fargar?

Filmkritikk

Kva var styrken, kva var dei svake sidene ved filmen? Kva burde ha vore framstilt annleis?

Sist oppdatert 10.12.2018
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar