Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Radio

Radioen er lydmediet framfor noko anna. Han har ei lang historie, og som andre medium har teknologien endret kven som bruker han og korleis. I dag har du tilgang til mange radiokanalar, med innheld som musikk, debatter og nyhetssendingar.

Gammel radio laget av tre. Foto.

Om du høyrer på radio, er det neppe på eit slikt apparat. Radioar som dette var populære på 60-talet i Noreg.

Ved etableringa av Norsk Rikskringkasting i 1933 var berre 18 prosent av husstandane i landet eigarar av radioapparat.[1] Vi skal sjå på utviklinga derifrå.

På lufta

Radioen var først primært eit musikkmedium, men etter kvart kom det tale og nyheitssendingar, der radioen hadde store fordelar i forhold til pressa ved at nyheitene kunne gå «på lufta» nesten med det same og bli fanga opp kvar som helst der det var radiodekning.

Radioen var eit verkeleg massemedium. Mange menneske kunne lytte til dei same sendingane samtidig. Innringingsprogram gjorde at også lyttarane kunne delta i programmet om enn på ein avgrensa måte.

Radioen samla folket

Då tyskarane okkuperte Noreg, blei radioane inndregne frå hausten 1941. Ein halv million radio-apparat blei levert inn etter ordre frå det tyske sikkerheitspolitiet (Bastiansen og Dahl 2008). Men somme hadde gøymt unna apparata og lytta dagleg på sendingar frå BBC i London. Slik fekk radioen saman med dei illegale avisene mykje å seie for å halde motet oppe blant okkuperte nordmenn.

Illegal radiolytting under okkupasjonen. Foto.

Illegal radiolytting under okkupasjonen

Radioen som underhaldning

Etter kvart blei radioen kanal for nyheiter, reportasjar, musikk, kronikkar, debattar, radioteater og underhaldning. Du kan på ein blunk få nyheiter om aktuelle hendingar både lokalt og internasjonalt og underhaldning (ofte musikk) på same kanal.

Mange spådde at radioen ville bli umoderne då fjernsynet kom. Men trass i fjernsynets inntog har radioen halde stand. Undersøkingar viser at folk brukar nesten like mykje tid på radio som på fjernsyn. Forklaringa er fleksibilitet og at radioen er lett tilgjengeleg. Du kan høyre på radio i bilen, mens du stryk, vaskar opp, gjer lekser eller trenar.

Kringkasting. Foto.

Kringkasting

I 1981 miste NRK eineretten til å drive radio og fjernsyn. 50 års monopol var slutt. Ei rekkje nye kanalar, meir eller mindre kommersielle, såg dagens lys etter frisleppet. Det finst i dag omtrent 250 ulike lokale radiokanalar i Noreg.

Digitalisering

I dag har Noreg digitalisert radiosendingane. Det gjer det mogleg å kombinere media på nye måtar. Val av ulike kanalar, innanlandske og utanlandske, gir mange alternativ.

Digitaliseringa har gjort at vi kan lytte til radioen på smarttelefonen vår, på PC-en og TV-en og alle digitale plattformar.Talet på tilgjengelege kanalar har også blitt mangedobla. Men undersøkinga viser at dei fleste held seg til nokre få kanalar dei likar å høyre på.

  1. 1«Norsk mediehistorie». Bastiansen, Henrik Grue Dahl, Hans Fredrik Dahl, Hans F Hans Fredrik, Dahl. Universitetsforl.. 2008.
Sist oppdatert 11.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar