Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Telefon

Kan du sjå for deg ein kvardag uten mobiltelefonen din? Det er over 100 år sidan telefonen kom til Noreg. I starten var apparata stor og dyre, så det var få som hadde tilgang til slik kommunikasjon. I dag eier stort sett alle ein telefon.

Sentralbord. Foto.

Sentralbord frå telefonen si tidlege historie.

Alexander Graham Bell. Foto.

Alexander Graham Bell

Alexander Graham Bell tok ut patent på telefonen i USA i 1876.

Året etter demonstrerte han telefonen offentleg i Noreg. I 1880 fikk Bell-selskapet konsesjon til å opne telefonverksemd i Noreg.

Telefonen i Noreg

Telefonen blei fort svært populær. Telefonsentralar blei etablerte og telefonlinjer strekte, etter kvart over heile landet.[1]

Telefonen gjorde det mogeleg å formidle forståeleg lyd over store strekningar. Men det var dyrt. Særleg var «rikstelefon» mellom dei større byane kostbart når linjekapasiteten var liten og samtalane skulle styrast manuelt.

Først i etterkrigstida blei telefonen automatisert, og siste sentralborddame blei overflødig i Balsfjord i 1985.

Masaai med mobiltelefon. Foto.

Masaai med mobil

I 1997 var telenettet i Noreg heilt digitalisert.

Telefonen i moderne tid

Det er ikkje før utviklinga av mobiltelefonen og aukande overføringskapasitet gjennom radiosendarar og fiberkablar at telefonen har blitt allemannseige.

Utviklinga skjer med stor fart også i utviklingsland, og masaiane som vaktar buskapen ute på marka i Kenya, kan no kommunisere med landsbyane via mobilen.

  1. 1«Norsk mediehistorie». Bastiansen, Henrik Grue Dahl, Hans Fredrik Dahl, Hans F Hans Fredrik, Dahl. Universitetsforl.. 2008.
Sist oppdatert 17.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar