Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Auditive medium

Auditive medium er slike som kommuniserer til øyra, altså høyrbare media. Alle foreldre veit kor viktig barnegråten er for kommunikasjonen med omgivnaden. Ein lærer tidleg å høyre om gråten formidlar svolt, smerte eller berre trøyttleik.

En mannlig operasanger synger. Foto.

Menneskestemma har utruleg mange valørar, du kan kviskre, rope, gråte, hyle eller snakke med ei roleg og avbalansert stemme. Vi brukar tonehøgd, lydstyrke, lydlengd, rytmar og pausar for å nyansere det vi seier.

Paralingvistikk

Måten vi uttrykkjer oss på: leande, gråtande, kviskrande, rørte og liknande høyrer til det vi kallar paralingvistikken. Stemma kan også oppfattast som eit medium, eit instrument som formidlar det som skal kommuniserast, kanskje saman med kroppsspråket, den ikkje-verbale kommunikasjonen.

Tekniske musikkmedia

I tidlegare tider var all musikk avhengig av at nokon spela på instrument, såkalla levande musikk. Etter oppfinninga av fonografen, grammofonen og seinare platespelarar, CD-spelarar og ulike digitale musikkspelarar, har det blitt mogleg å konservere stemmer, song og musikk. Stemmer, song og musikk kan spelast av om og om igjen kvar som helst utan å ta fram instrument. Vi har fått tekniske musikkmedia til å formidle musikken.

Levande musikk

Men dette har ikkje ført til at det har blitt gammaldags med levande musikk. Dei fleste vil synast at opplevinga ved å vere til stades ved ein konsert, der du kan møte og sjå artistane som spelar og syng, gjer det verd å betale nokre kroner for å vere med. Fellesskapsopplevinga i møte med musikken og artistane er også viktig.

At det er mogeleg å kombinere lyd og bilde, har gitt oss musikkvideoar. Men då er vi over i audiovisuelle medium.

Sist oppdatert 10.12.2018
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar