Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pressa og ytringsfridom

Det at media kan skrive stort sett kva dei vil utan å bli sensurert, er noko vi gjerne tar for gitt i Noreg. I denne artikkelen skal vi sjå på tilhøvet mellom pressa og ytringsfridom slik det har vore i landet vårt dei siste hundreåra.

Arnulf Øverland. Foto.

Arnulf Øverland blei offentleg tiltalt for blasfemi i 1933.

Dei første avisene

Dei fyrste avisene oppstod i Holland, Tyskland og England på 1600-talet. Det som sette fart i utbreiinga var at det blei oppretta faste postruter mellom dei viktigaste byane. Her ser vi starten på oppbygginga av det som sidan har blitt globale nettverk.

I Noreg kom den første avisa, Norske Intelligenz-Seddeler, i 1763. Det som skilde avisene frå tidlegare nyhendeblad, var at dei kom ut meir regelmessig.[1]

Sensur og ytringsfridom

Avisene blei tradisjonelt lesne av mange menneske og kunne påverke lesarane. Derfor blei både bøker og aviser utsette for sensur av konge og kyrkje. Med Grunnlova av 1814 blei den frie meiningsutvekslinga knesett som prinsipp, og frimodige ytringar var tillatne for alle.

Likevel har Noreg inntil i dag hatt ei lov mot gudsspotting, blasfemi, straffelova § 142. Den siste som blei offentleg tiltalt for blasfemi i Noreg, var forfattaren Arnulf Øverland i 1933, etter å ha halde foredraget «Kristendommen, den tiende landeplage» i Studentersamfundet. Han ble frikjend same året, og denne paragrafen har sidan vore «sovande».

Blasfemi framleis eit aktuelt tema

Men ytringsfridom og blasfemi er til debatt den dag i dag, som Dagbladets trykking av karikaturteikningar av profeten Mohammed i 2010 viste. Debatten rundt trykkinga av teikningane oppsto da danske Jyllandsposten for første gong trykte dei i 2005. Åtaket mot det franske satiremagasinet Charlie Hebdo i januar 2015 fekk debatten om blasfemidebatten til å blusse opp att med ny styrke.

Døme

Flaggbrenning

Brenning av norsk flagg i Lahore, januar 2010

I 2010 sette Dagbladet inn ei teikning av profeten Mohammed teikna som ein gris, eit ureint dyr for muslimar, under dekkje av ytringsfridom. 3000 muslimar demonstrerte på Universitetsplassen i Oslo i protest.

Denne motdemonstrasjonen var i seg sjølv eit uttrykk for ytringsfridom. Ein av dei som talte til demonstrantane var Mohyeldeen Mohammad. Han tilrådde steining av homofile og sa indirekte at det ved krenkingar av muslimar kunne bli sett i verk terroraksjonar i Noreg.

Då han seinare kom heim, venta to Dagblad-journalistar på han i en bil. Han trua dei med at dei ville bli skotne. Dei fann det best å melde han til politiet. Då han sjølv kom for å melde dei som hadde sendt ekle e-postar til han, blei han arrestert og sett i avhøyr.

Har ytringsfridomen grenser?

PFU

Møte i Pressas faglege utval

Døma reiser spørsmålet om grensene for ytringsfridom for pressen i dag. PFU, Pressens Faglige Utvalg, har som formål å vakte dei etiske grensene. Retningslinjar for dette er nedfelte i Ver Varsom-plakaten. Pressa finn det stadig vanskelegare å kontrollere nettkommentarar i samband med saker som oppstår. Du finn lenkje til artiklar om PFU i lenkjesamlinga.

Éin ting er tilhøvet presse og ytringsfrdom, ein annan er ytringsfridomen i tilhøvet til internett og sosiale medium. Her utfordrast grensene ytterlegare, slik vi til dømes har sett det i samand med Anders Behring Breivik og meiningsfellane hass. PFU vaktar pressa, men kven skal vakte verdsveven?

Tenk over: Har dei omtalte sakene noko til felles? (prosessen mot Øverland og teikningane av profeten).

Les meir

Artikkel om Pressas faglege utval (PFU)

Hvis du vil setje deg meir inn i debatten om karikaturteikningane, bør du lese denne artikkelen Det nasjonale og det globale

  1. 1«Norsk mediehistorie». Bastiansen, Henrik Grue Dahl, Hans Fredrik Dahl, Hans F Hans Fredrik, Dahl. Universitetsforl.. 2008.
Sist oppdatert 07.12.2018
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar