Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Boka og boktrykkjarkunsten

Sjølv om vi lever i ei digital verd, omgir du deg med bøker kvar dag. Ikkje minst gjeld det på skulen. Bøkene du les er masseproduserte, dei kan finnast på fleire språk, og dei kan innehalde fotografiar.

Johann Gutenbergs trykkeri. Foto.

Håndskrevet bibelside. Foto

Bibelside

Ordet bok kjem av bøk, kan hende fordi germanarane skreiv på bøketavler. Bøkene kom til Noreg for om lag 1000 år sidan. Dei er heilt annleis enn dei vi ser i dag. Bøker i mellomalderen var handskrivne i stort format, ofte vakkert dekorerte. Kvar bok var unik og framstilt i berre eitt eksemplar.

Boktrykkjarkunsten

Det store skiljet i Europas mediehistorie skjedde då tyskaren Johann Gutenberg fann opp boktrykkjarkunsten omkring 1450.[1]

Boktrykkjarkunsten var allereie oppfunnen av kinesarane før Gutenberg, men det var Gutenberg som tok teknikken i bruk i Europa. No kunne det produserast mange like eksemplar av den same teksten. Det medførde at heilt identiske tekstar kunne lesast og studerast på ulike stader uavhengig av kvarandre.

Johann Gutenberg. Foto.

Johann Gutenberg

Trykkjekunsten gjorde det mogleg å masseprodusere tekstar for eit publikum av individuelle lesarar, altså frå ein til mange, og dette har sidan blitt mønsteret for moderne massekommunikasjon.

Boka som medium

Boka som medium er kjend, og vi skal ikkje her skrive bokas historie eller beskrive alle slags typar bøker og trykksaker som finst.

Vi kjenner til at boka har vore oppfatta som trussel og som velsigning. Bøker har blitt brende på bokbål, og bøker har blitt brukte som middel til å få makt. Boka har hatt svært mykje å seie for spreiing av folkeopplysning og lærdom, og dette er framleis av grunnleggjande verdi. Biblioteka har i samfunnet vårt gjort det mogleg for alle å lese alle slags bøker. Mykje av dette har blitt erstatta av e-boka dei seinare åra.

  1. 1«Norsk mediehistorie». Bastiansen, Henrik Grue Dahl, Hans Fredrik Dahl, Hans F Hans Fredrik, Dahl. Universitetsforl.. 2008.
Sist oppdatert 10.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar