Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Brev

Skriv du brev? Eit brev (lat. brevis = kort) er ei skriftleg melding som blir send frå ein stad til ein annan. Ein kan skilje mellom mange ulike typar brev, som til dømes privatbrev, offentlege brev, forretningsbrev og brev som litterær sjanger (epistel).

Papyrus med utdrag av De dødes bok av Neferini. Foto.

Papyrusrullar er laga av stengelen til ei plante. Det var oldtiden sitt papir.

Papyrus. Foto

Papyrus

Historie

I Egypt brukte ein papyrus til å skrive på. Andre stader har bein, potteskar, leirtavler og palmeblad vore brukte brukte. Grekarane og romarane brukte tretavler der skrifta blei rissa inn i eit vokslag. Papyrus blei også brukt og seinare pergament.

Papiret kom i bruk frå ca 1300-talet. Konvolutten dukka opp i England i 1820-åra og postkorta i Tyskland frå omkring 1870. Blant papyrusfunna frå Egypt finst tusenvis av privatbrev frå 200-600 f.Kr.

Romerske brev viser at ein ofte brukte ein fast formel, ofte berre med dei første bokstavane i orda.

Brev som litterær sjanger

Brev som litterær sjanger er best kjent hos oss frå Garborgs Knudahei-Brev og Nils Kjærs Epistler. Men også mange andre skribentar har brukt den forma. Epistlane (gr. tilsende) i Det nye testamentet er brev som blant anna Paulus skreiv til dei første kyrkjelydane.

En bunke håndskrevne brev. Foto.

Brev

Privatbreva formidlar meldingar og hendingar og oppfordringar til mottakaren, ofte til familiemedlemmar og vener.

Offentlege brev er meldingar frå styresmaktene til andre offentlege etatar eller til privatpersonar om diverse pålegg og kunngjeringar. Forretningsbrev er som ordet seier, forretningsrelaterte.

Forskarar som studerer kulturhistorie, finn ofte at breva er den beste kjelda til å finne ut korleis menneske tenkte og handla. Dei skreiv til folk dei kjende, dei kunne gi fortrulege opplysningar som ikkje kunne trykkjast i aviser og blad. Brev merkjer seg ut ved at dei er private, som til dømes kjærleiksbrev.

Brev fra dronning Margrete I. Foto.

Brev fra dronning Margrete I der hun klaga si nød til ektemannen som er i krig.

Frå brev til e-post

Dei første breva var handskrivne og sende med bodberarar. Etter kvart blei skrivemaskinen teken i bruk. Det handskrivne verkar meir personleg og blir framleis ofte brukt når vi sender julekort til kvarandre, eller er ute på reise.

Før det blei vanleg med vitskaplege tidsskrift, formidla ofte ulike vitskapsmenn oppdagingane sine til kvarandre ved hjelp av brev. Med oppfinninga av telegrafen kunne ein sende korte tekstar over store avstandar på kort tid. I Noreg fekk vi den første sivile telegraflinja mellom Christiania og Drammen i 1855.

Posten formidlar i dag færre og færre brev, telefon og e-post har overteke mykje av denne sjangeren. Men brev sende med e-post kan lesas av hackarar, og telefonen kan avlyttast. Breva er i lu kka konvolutt, og hemmelege brev kan til og med forseglast.

Sist oppdatert 11.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar