Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frå bilete til alfabet

Dei første skiftspråka var bygde på bilete, eller piktogram. Dei fleste skriftformene som finst i dag er også utvikla frå piktogram. Gradvis har desse bileta blitt forenkla og gjort ugjennkjennelege. Vi skal her sjå på utviklinga frå bilete til skriftteikn.

Helleristninger med røde skip på berg. Foto.

Dei første skriftspråka

Frå vår eigen kulturkrets kjenner du sikkert til runer? Vi har kjelder frå omkring år 200 e.Kr som viser det eldste runealfabetet. Det fints alfabet som er langt eldre enn det, som til dømes:

  • Egyptiske hieroglyfar har eksistert frå ca 3000 f.Kr. (kanskje med påverknad frå kileskrifta)
  • Minoisk skrift frå om lag 1200 f.Kr.
  • Skrift frå Indus-dalen frå 3000 – 2400 f.Kr.
  • Kinesisk skrift frå om lag 1500 f.Kr.
  • Frå Amerika kjenner vi maya-skrift (Guatemala), som er ein type hieroglyfar frå om lag. 50 e.Kr.
  • Aztekar-skrift (Mexico) frå ca 1400 e.Kr.

Piktografiske og ideografiske teikn

Dei fleste skriftformer går tilbake til piktografiske teikn, bilete. Kinesiske skriftteikn byggjer på bilete, men desse er med tida blitt stiliserte på finurlege måtar slik at vi ikkje så lett kan kjenne igjen bileta.

Måten teikna er sette saman på gir det samansette teiknet ny meining. To stiliserte tre ved sida av kvarandre betyr ikkje «to tre», men «skog». Eit stilisert bilde av kvinne og barn ved sida av kvarandre betyr og blir uttalt «god» og ikkje «kvinne og barn». Vi har då gått frå piktografiske til ideografiske teikn; dei formidlar ein idé og ikkje det dei framstiller.

tre

skog

kvinne

barn

god

Det kinesiske teiknet for «skog» består av to tre. Teiknet for «god» består av symbolet for kvinne og barn. Det samansette teiknet står for noko meir enn enkeltdelane.

Hieroglyfer

Hieroglyfer. Foto.

Hieroglyfer

Dei egyptiske hieroglyfene var opphavleg biletskrift. Sidan brukte ein bileta til å uttrykkje ord som inneheldt den same rekkja konsonantar. Av dette utvikla det seg teikn for bestemte konsonantgrupper, som igjen utvikla seg til enkeltkonsonantar (alfabetiske teikn).

Langt seinare blei vokalar lagde til, og vi nærmar oss alfabet slik vi kjenner dei i dag. Det som kjenneteiknar alfabeta, er at kvar enkelt språklyd har fått sitt bestemte teikn. Egyptiske hieroglyfar utvikla seg også frå piktografiske til ideografiske teikn.

Når bildet skulle lesast, måtte ein ta omsyn til at det er samansett av fleire fonem. (Eit fonem er minste lydsegment ein kan skilje frå andre lydar). Samansetninga med andre teikn var nøkkelen til korleis ein skulle forstå det.

Piktografisk lesing

Fordelen med eit piktografisk system, er at folk som ikkje kjenner språka til kvarandre, og som derfor ikkje kan snakke med kvarandre, likevel kan skrive til kvarandre. I tillegg kan teikna lesast på fleire ulike språk. Ulempa er at ein må lære seg mange teikn for å vere skrivekyndig og lærd nok. Det blir dermed eit skriftsystem for eliten, ikkje for meningmann.

Kanskje ein også kan sjå det som ein fordel at ein kan utvikle mange ulike kunstferdige måtar å skrive teikna på, såkalla kalligrafi. Med ulike penslar kan skrifta få vakre kunstneriske utformingar, nesten som eit lite måleri.

Kinesiske skriftteikn

Etiopisk skrift. Foto.

Etiopisk alfabet

Stavingsalfabet

Japansk er ikkje i slekt med kinesisk. Likevel har japanarane adoptert fleire kinesiske teikn og lagt til nokre av sine eigne, slik som stavingsalfabetet kana. Med teikn for stavingar som til dømes ka, ke, ki, ko, ku og ma, me, mi, mo, mu, kan ein stave framandord. «Hotell» kan til dømes skrivast slik på japansk (ho-te-ru), med berre tre teikn:

ホテル (ho-te-ru),

Også andre språk har stavingsalfabet, som til dømes ein del indiske språk, vai i Nigeria og etiopisk.

Etiopisk stavingsalfabet er basert på det heilage språket geez som blir brukt i den ortodokse messa. Teikna blir kalla fidellar.

Utbreiing av alfabeta

Det mest oppsiktsvekkjande med alfabet som blir brukte i dag, er at dei alle kjem frå same rot. Dei første alfabeta blei utvikla av semittar om lag 1500 f.Kr. Herifrå har dei spreidd seg utover i heile verda. Sjå fig.

Alfabetenes geografiske fordeling. Illustrasjon.

All verdas alfabet

Hebraiske og arabiske alfabet

Både hebraiske og arabiske alfabet blei opphavleg skrivne med berre konsonantar. Når namnet på Gud i hebraisk blei skrive med bokstavane JVH, יהוה, kunne det lesast Javeh, eller Jehovah, alt etter kva vokalar ein valde å leggje til. For å hjelpe skolebarna set ein ofte til nokre punktteikn for å vise vokalane. Både arabisk og hebraisk skal lesast frå høgre mot venstre.

Runene

Runealfabetet. Illustrasjon.

Runer

Dei fleste historikarar meiner at dei norrøne runene oppstod blant gotarane eller andre germanske stammer rundt Svartehavet i det 2.-3. hundreåret. Truleg er runene inspirerte av blant anna det greske og latinske alfabetet. Runene spreidde seg nordover med folkevandringane. Dei blei einerådande i Norden frå det 3.-4. hundreåret, og blei brukte i vikingtida. Når dei skulle hoggast i stein, blei dei stiliserte slik at dei lettare kunne rissast i hardt materiale.

Frå 1100- talet er dei også brukte for daglegdagse beskjedar og meldingar. Funn av såkalla runepinnar frå Bryggen i Bergen viser at mange kjøpmenn og andre kunne lese og skrive på denne tida.

Runene har endra seg opp gjennom tidene. Frå ca 550 – 700 e. Kr. var det overgangar frå alfabet med 24-runer til alfabet med 16 runer. Frå om lag år 1000 kom runer som var meir tilpassa det latinske alfabetet. Slike runer blei brukte heilt fram til ca 1800. Runealfabetet er kalla futharken etter dei første bokstavane i alfabetet.

Sist oppdatert 10.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar