Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skriftlege medium

Menneska har kommunisert med bilete i mange tusen år før skrifta dukka opp. Skrift blir rekna som den viktigaste av alle menneskelege oppfinningar. Skrifta gav menneska moglegheita til å strukturere strukturere tankane og dele desse på ein ny måte.

Hulemalerier. Foto.

Hulemalerier

Kva for funksjon hadde holemåleria?

Dei eldste holemåleria vi kjenner til finn vi i Frankrike. Alderen på desse blir rekna å vere omkring 32000 år, og dei blei laga under den perioden vi kallar steinalderen. Ganske nyleg er ein blitt merksam på at dei som laga holemåleria også skreiv symbol. Men vi veit ikkje om dette var ein type skrift eller religiøse eller rituelle symbol. Inkaene sine snorer, frå om lag 1200 e.Kr, kunne hjelpe folk til å hugse ting. Men skrift er sjølvsagt noko anna enn berre eit middel for å hugse.

Skriftspråket blir til

Kileskrift fra Mesopotamia. Foto.

Kileskrift

Oppfinninga av skrift er ei av dei største landevinningane menneska har gjort. Det er vanleg å rekne sumerarane i det sørlege Mesopotamia (I dag: Irak) som oppfinnarar av kileskrifta om lag 3500 f.Kr.

Namnet heng saman med at skrifta kom fram ved at sumerarane pressa ein kantete griffel inn i våt leire slik at det blei skapt kileforma teikn. Desse kunne setjast saman i ulike tal og vinklar.

Piktografiske teikn

Hieroglyfer. Foto.

Egyptiske hieroglyfer

Også når skrift har biletliknande utsjånad, så er skrifta noko anna enn bilete. Døme på dette er slik som egyptiske hieroglyfar (heilag inngravering) og nokre kinesiske symbol, såkalla piktografiske teikn. Biletet representerer ting, skrift representerer ei ytring, ord, eller lydar som nokon seier eller kan seie.

Til skrifta er det knytt kodar som fortel lesaren korleis teikna eller orda skal forståast. Lesaren må kjenne denne koden for å kunne lese biletet. Skrift i denne tydinga var og er den største av alle dei teknologiske oppfinningane til menneska, fordi skrift flyttar tale frå munn og øyro til ein annan sans, nemleg synet.

Skriftspråket og tanken

Skrifta endrar ikkje berre talen, men også måten å tenkje på.[1] Med skrift opnar det seg ei ny verd. Skrift gjer det mogleg å strukturere tanken på ein ny måte. Det som er nedskrive, kan bli gjentatt når som helst og av kven som helst som kjenner koden.

Utan skrift kunne vi ikkje tenkje slik som vi gjer, ikkje berre når vi uttrykkjer oss skriftleg, men når vi utformar våre verbale utsegner. Meir enn noko anna oppfinning har skrifta endra tenkjemåten og medvitet til mennesket. Skrifta etablerer eit språk som er fjerna frå den som tenkte det og skreiv det ned. Skrifta lever sitt eige liv, noko som talen ikkje kunne gjere, før det blei mogeleg å gjere opptak også av munnleg tale.

Utan skrift er ordet borte med det same det var sagt. Derfor fann avsendaren gjerne på ulike knep for at det skulle vere lettare for mottakaren å hugse det som blei sagt. Til dømes kunne ein bruke gjentaking, biletlege uttrykk, ordtak og liknande som gjorde at bodskapen blei lettare å hugse. Ein lyd er borte når lyden er uttalt, eit skriftbilete består. Dette er den store gevinsten med skrift. Lyden har blitt synleggjord, visualisert.

  1. 1«Orality and literacy: the technologizing of the word». Ong, Walter J. Routledge. 2002.
Sist oppdatert 07.12.2018
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar