Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tekst og tidlegare medium

Menneske har alltid hatt behov for å gi meldingar til kvarandre, også når dei ikkje kan møtast ansikt til ansikt. I dag er det ganske enkelt med all kommunikasjonsteknologien vi har tilgang til. Vi skal her vi sjå på tekst og tidlege kommunikasjonsmedium.

Bilde av vev med hvite og blå tråder. Foto.

Ordet tekst kjem av det latinske ordet «texere» som betyr «å veve».

Eit utvida tekstomgrep

Med ordet tekst, meiner vi oftast ord som er skrivne eller trykte. Det kan også teksten til eit operastykke, eit sitat frå ei bok, eit dikt eller ei tekstmelding. Her står tekst i motsetnad til illustrasjon eller lyd.

Ordet tekst kjem av det latinske ordet «texere» som betyr «å veve». Det er også det som ligg til grunn for ordet «tekstil».Tekst er altså noko som bind saman som ein vev. Når vi tenkjer på denne måten, er vi inne på kva funksjon ein tekst har. Då forstår vi at det er ikkje berre skriftlege tekstar som kan binde saman. Derfor blir også det utvida tekstomgrepet brukt, som også omfattar til dømes bilete, musikk, lyd og tale.

Multimodale tekstar

Ulike teksttypar kan også brukast samtidig. Ein film kan til dømes innehalde både tale, lyd, musikk i tillegg til levande bilete. Slike samansette tekstar blir kalla også multimodale tekstar. Innanfor tekstanalysen blir også omgrepet sjanger brukt, som er ei norm for korleis ein tekst skal utformast og til ein viss grad kva teksten skal innehalde.

Sjangrar og tekstnormer

Biletkunst, retorikk, musikk og film kan bruke ulike sjangrar med særskilte normsett. Sjangrar kan også blandast for bestemte formål, som vi har sett. Vi skal her ikkje gå nærmare inn på tekstanalyse som blei behandla i KK1 og blir behandla nærmare i KK2, men konsentrere oss om media, deira potensial og avgrensingar.

Tidlege kommunikasjonsmedium

Kodesystem

Inkaenes Quipu. Illustrasjon.

Inkaenes Quipu

Inkafolket i Sør-Amerika hadde ikkje noko skriftspråk. Men som alle andre menneske, både i historisk tid og i notida, hadde dei behov for å gi melding til kvarandre også når dei ikkje møttest ansikt til ansikt. Dei kunne då sende løparar, sendebod, med beskjedar.

Sjølv om inkaene ikkje hadde utvikla skriftspråket, hadde dei stor innsikt i astrologi og studerte stjerner og planetar for å føreseie årstidene. Dei designa kompliserte terrassar, vegar og bygningar som vekkjer beundring også i dag.

Dei utvikla eit komplisert kodesystem ved hjelp av snorer med kulørte knutar, quipu, knytte saman. Kvar knute varierte i storleik og farge og kunne representere sauer og lamaer.

Ryttarar og røyksignal

Ildvarde. Illustrasjon.

Eldvardar

I Midtausten, Asia og i Europa blei det brukt ryttarar som kunne formidle munnlege eller skriftlege beskjedar så snøgt som mogeleg. Bruk av røyksignal som blei sende opp frå strategiske stader, var også ein måte å gi melding på, blant anna brukt av inkaene.

I vikingtida i Noreg blei viktige beskjedar formidla ved hjelp av bål på vardar langs kjende ruter. Snorre fortel at det blei sett opp vetar (eldvardar) på høge fjell slik at ein kunne sjå frå den eine til den andre. Kvart distrikt fekk si vardevakt. Når det kom fiendtlege skip, kunne folk varslast. «Folk seier at på sju netter gjekk hærbodet frå synste veten til det nordlegaste tinglaget på Hålogaland.»

Trommesignal

Mange afrikanske etniske grupper brukte trommene for å formidle lydsignal frå landsby til landsby. I motsetnad til røyksignala kunne desse formidlast gjennom skogsområde der ein ikkje kunne sjå kvarandre. Rytme, gjentaking og tone var kodar som kunne tolkast i verbale språk.

Dekker kommunikasjonsbehov

Døma ovanfor viser at menneske har funne funksjonelle løysingar på kommunikasjonsbehova sine også før skrifta og formidlinga av beskjedar ved hjelp av nedteikningar blei vanleg.

Sist oppdatert 11.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar