Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Auditive medium

Oppgåve 1

Repeter kva paralingivistikk var frå KK1-kurset her. Finn ein filmsnutt på youtube eller nokre anna andre stader på nettet der dei paralingvistiske signala er viktige for å formidle personlegdomstypane eller handlinga.

  • Kva uttrykkjer desse signala utover dei orda som blir brukte?

Oppgåve 2

  • Kva lyttar du til og kvar finn du "din" musikk?
  • Kva slags tekniske musikkmedium brukar du for å formidle musikken?
  • Er det lett å finne den musikken du likar? Deler du han med andre? Korleis?

Oppgåve 3

Her høyrer og ser vi Gjermund Larsen Trio framføre ein menuett. Dei blir filma medan dei speler.

  • Kva tilfører dette musikkopplevinga?

Gjermund Larsen Trio

Oppgåve 4

Les korleis Paul Mason testa ut mobiltelefonen i Kenya: Paul Mason

  • Kva er mogleg ved hjelp av mobiltelefon i eit land der vegar og jernbaner er i dårleg forfatning?
  • Kva set grenser for utbreiinga av mobiltelefonen i et slikt land?

Oppgåve 5

Skriv eit refleksjonsnotat:

  • der du kommenterer utviklinga av telefonen og kva han har hatt å seie for globalisering.
  • der du ser på kva innverknad telefonen har og har hatt for måten vi kommuniserer på.

Oppgåve 6

Lag ei undersøking:

  • Lyttar medelevane dine til radio i det heile tatt?
  • I så fall, kva lyttar dei til, korleis og i kva for situasjonar?
  • Er det ein kanal som er meir populær enn andre?

Oppgåve 7

I ei fransk undersøking frå 2007 svara heile 57 prosent av dei spurde at radio var det mediet dei mente var mest truverdig, mens 51 prosent sa at dei stolte på pressa. Berre 30 prosent svara at dei stolte på Internett, mens 48 prosent sa at dei stolte på fjernsynet.

  • Gjer ei undersøking i klassen om kva tillit elevane har til desse media: Radio, fjernsyn, Internett, presse. Kva skaper tillit og kva skaper mistillit?

Det er gjort tilsvarande undersøkingar i Noreg og internasjonalt i forhold til tillit til medium. Gjer eit søk på nettet og finn ut kva slike undersøkingar syner.

  • Skil Noreg seg ut frå andre land?
  • I så fall, kva kan grunnen vere?
  • Kva for oppgåve spelar auditive medium idag?

Samanlikn svara de har fått

Sist oppdatert 07.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Tekst og tidlegare medium

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Auditive mediumDu er her

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva ser vi på fjernsyn?

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bruk av forkortingar

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Studer Facebook-profilen din

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Personvern og nettvett