Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Youtubarar og videoblogging

YouTube er den største kanalen i verda for videobloggarar. Dei byr på seg sjølve framfor kamera og kan nå millionar av følgjarar.

YouTube er den største nettstaden i verda for opplasting, vising og deling av videoklipp, og det er derfor ein viktig arena for mange videobloggarar. I ein videoblogg, òg kalla vlogg, er levande bilete hovuduttrykket, i motsetning til vanlege bloggar der ein bruker tekst og bilete. Ein aktør blir gjerne omtalt som ein vloggar.

Tenk over

Følgjer du nokon videobloggarar? Kva for nokre norske og utanlandske videobloggarar kjenner du til? Trur du at du er i målgruppa deira? Kvifor eller kvifor ikkje? Er personane kjende frå før, eller har dei vorte kjende på grunn av vlogginga?

Kjenneteikn på videobloggar

Når du videobloggar, handlar det om å vere personleg og nær. Du fortel ofte frå ditt eige liv, og deler tankar, interesser eller meiningar. Slikt innhald engasjerer fansen og følgjarane dine. Motivasjonen til dei uprofesjonelle vloggarane startar gjerne med at dei brenn for noko og følgjer hjartet sitt. Mange av desse vloggarane treffer målgruppa si godt på YouTube.

Profilering

Innanfor underhaldning kan videoblogging brukast som eit profileringsverktøy. I dag kan til dømes ein musikkartist bruke YouTube for å nå fansen sin på ein meir personleg måte. Videoblogging blir altså brukt av både amatørar og profesjonelle for å nå fram med ein bodskap.

Test deg sjølv: fleip eller fakta om YouTube

Sist oppdatert 28.01.2021
Skrive av Maren Aftret-Sandal

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar