Hopp til innhald

Fagstoff

Julebord

I jula står tradisjonane sterkt, og maten vi et, er gjerne den same frå år til år. Til festlege samkomer i jula serverer ein gjerne eit julebord som bognar av tradisjonelle rettar.
Ribbe på eit fat med poteter, raudkål og rosenkål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tradisjonell julemat

Julemat har sterke og lange tradisjonar i Noreg. Nordmenn er aldri så konservative som når det gjeld julematen. Dei ulike landsdelane har sine eigne tradisjonar, og eit tradisjonelt julebord har som oftast ein liten smakebit av alt. Mange av rettane på eit julebord er konserverte, det vil seie salta, røykte eller tørka. Det heng saman med korleis ein kunne ta vare på maten frå gammalt av, og det blir framleis brukt i vår tid.

Vanlege rettar på eit tradisjonelt julebord

Brødvarer

Lefse, flatbrød, fine og grove brødtypar.

Kalde rettar

  • rakfisk med tradisjonelt tilbehøyr
  • røykelaks med eggerøre
  • gravlaks med sennepssaus
  • skaldyrsalat med urtekremdressing
  • aure- og skaldyrterrin
  • sylta laks med peparrotkrem
  • ulike typar sild
  • sylteflesk
  • lammerull
  • glasert juleskinke med syrlege grønsaker
  • spekeskinke og spekepølse med potetsalat
Fenadlår laga til med rømme og flatbrød på ei fjøl framfor ein peis med flammar. Foto.

Varme rettar

  • pinnekjøtt med kålrotstappe, kjøttsjy og kokte poteter
  • svineribbe med surkål/raudkål, svisker, brun saus og kokte poteter
  • medisterkaker og pølser, svisker og eple
  • lutefisk, ertepuré, baconfeitt, sennepssaus og kokte poteter
  • kokt kveite eller torsk, sandefjordsmør, dampa grønsaker og kokte poteter

Dessertar

  • riskrem med raud saus
  • karamellpudding med piska krem og karamellsaus
  • moltekrem
  • iskrem

Kaker

Kransekake, krumkake, sandkaker, berlinerkransar, fattigmann, hjortetakk, peparkaker, fruktkaker, blautkaker, nøttekaker og marsipankaker.

Frukt og nøtter

Eit assortert utval av frisk frukt, dadlar, fiken og nøtter.

Karamellpudding med krem. Foto.

Tilpassa kost

Hugs òg å ha glutenfrie og laktosefrie variantar av dei ulike rettane tilgjengeleg for gjestar som har behov for tilpassa kost.

Mengdeutrekning

Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort julebordet er, og mengda kjøtt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 gram mat per person inkludert tilbehøyr.

Drikke

Tradisjonelt drikk ein øl og akevitt til julemat. Vin kan òg passe.

Alkoholfritt

Isvatn, kaffi, te og mineralvatn.

Relatert innhald

Når du skal lage mat til fleire, kan det vere greitt å vite kor mykje du skal rekne per person av kvar enkelt råvare.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2022

Læringsressursar

Buffé