Hopp til innhald

Fagstoff

Sei

Seien er ein torskefisk som lever frå havoverflata og ned til 300 meters djupn. Han er ein stimfisk som kan samla seg i store mengder der det er godt med mat. Han livnærer seg av småfisk som sild og brisling.
Fleire seiar som sym i sjøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seien vert kjønnsmoden i fem–seks-årsalderen og gyter i perioden januar–mai på kystbankane frå Lofoten og sørover til Nordsjøen. Yngelen driv passivt nordover med kyststraumane, og småseien viser seg om våren på Sør- og Vestlandet og så seint som i august ved kysten av Finnmark. Seien vandrar langt frå nærings- og oppvekstområda til gytefelta.

Fire seifiletar ligg på ei skjerefjøl saman med ein halv lime og litt persille. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bestand

Seibestanden i norske farvatn vert gjerne delt i to – éin bestand nord for og éin bestand sør for 62° nord. Begge bestandane har halde seg på eit nokolunde stabilt nivå.

Fangst og fangstreiskapar

I fjordane og utanfor kysten av Finnmark skjer det eit betydeleg notfiske. Elles er Nordsjøen og bankane nordover til Vest-Finnmark spesielt gode område. Seien vert fiska med botntrål, snurrevad, snurpenot, garn eller jukse.

Bruk

Seien vert seld fersk som filetar eller heil fisk, frosne filetar eller som klippfisk og tørrfisk. Sei kan steikjast, kokast og grillast. Han eignar seg godt til fiskemat, for eksempel grove seikarbonadar.

Seibiff med raspa kålrot, saus og kokte poteter ligg på ein middagstallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Sei er først og fremst ei god proteinkjelde, men inneheld òg ein god del vitamin B12 og selen.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Heile året

Utbreiing

Seien er vanleg i heile Nord-Atlanteren.

Storleik

Opptil 120 cm og 20 kg.

Med andre ord

Latin: Pollachius virens

Engelsk: Saithe, Coalfish

Fransk: Lieu noir

Tysk: Köhler, Seelachs

CC BY-NC-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 30.04.2020

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn