Hopp til innhald

Fagstoff

Lange

Langa har fått namnet sitt fordi ho har ein langstrekt kropp. Langa er ein torskefisk som kan finnast på 60–1000 meters djup, men som er vanlegast på 300–400 meter. Ho trivst best i område med steinbotn og livnærer seg av andre fiskar som torsk, flyndre og sild i tillegg til hummar og sjøstjerner.
Lange. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg er det mest lange mellom Stad og Vesterålen. Unge fiskar held seg i djupe parti nærast kysten. Herifrå vandrar langene ut til gytefelta i Nordsjøen og i området nord for Dei britiske øyane.

Fangst og fangstreiskapar

Lange vert hovudsakleg fiska med botnline eller botngarn langs eggakanten, men det blir òg teke ein del lange på store djup inne i fjordane. Lange vert fiska heile året, også som bifangst ved anna fiske.

Bruk

Lange har eit kvitt, smakfullt og relativt fast kjøtt. Smaken kan minna om torsk, og ho kan med hell lagast til på same måten som torsk.

Opphengt tørrfisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Lange er ei god proteinkjelde og inneheld òg selen, kalsium og magnesium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Heile året

Utbreiing

I Noreg er det mest lange mellom Stad og Vesterålen.

Storleik

Opptil 180 cm og 35 kg.

Med andre ord

Latin: Molva molva

Engelsk: Ling

Fransk: Lingue

Tysk: Leng

CC BY-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 24.01.2018

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn