Hopp til innhald

Fagstoff

Breiflabb

Hos breiflabben – eller marulken som han òg vert kalla – utgjer det store hovudet om lag halvparten av den totale lengda. Han finst frå fjøra og ned til 600 meters djup, der han gøymer seg blant plantar eller delvis nedgraven i sanden. Breiflabben lever hovudsakleg av fisk og skaldyr.
Svømmende breiflabb. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Under gytinga om våren kan han vandra heilt ned til 2500 meters djup. Gytinga skjer hovudsakleg vest for Dei britiske øyane. Hannane er kjønnsmodne frå fireårsalderen, hoene frå seksårsalderen. Egga vert lagde i lange geléaktige band som driv omkring i havet inntil egga klekkjer.

Bestand

Kunnskapen om fangst og fiske er usikker, og det er også avgrensa kunnskap om korleis breiflabben formeirer seg, og kor utbreidd han er. Bestanden er i dag rekna som livskraftig, men fisket er likevel regulert med blant anna freding i vintermånadene og avgrensingar når det gjeld fangstreiskap.

Fangst og fangstreiskapar

I Noreg har fisket etter breiflabb tradisjonelt vore eit bifangstfiske. Dei seinare åra har det derimot utvikla seg eit direkte garnfiske etter breiflabb. Dette fisket går hovudsakleg føre seg på kysten av Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vanlege fangstreiskapar er botngarn, botntrål og botnline.

Bruk

Breiflabb-leverparfait med svart olivenpudding. Foto.

Breiflabb vert seld fersk eller frosen, flådd og hovudkappa eller som filetar. Breiflabb er ufisken som er vorten «kjøkkenvarm», og han er no rekna som ein av dei kulinariske godbitane frå havet. Han er fast og kvit i kjøttet og eignar seg svært godt både til kokte og steikte retter.

Næringsinnhald

Breiflabben er ei god proteinkjelde som òg inneheld A-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong

Heile året

Utbreiing

Vanleg langs heile norskekysten

Storleik

Opptil 2 m og 79 kg

Med andre ord

Latin: Lophius piscatorius

Engelsk: Monkfish, Anglerfish

Fransk: Baudroie commune

Tysk: Seeteufel

CC BY-NC-SARettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn