Hopp til innhald

Fagstoff

Torsk

Torsken lever i Nord-Atlanteren, og det er to hovudtypar: den vandrande, oseaniske torsken og den stasjonære kysttorsken. Kysttorsken er ein utprega botnfisk, medan den vandrande torsken lever meir pelagisk (i det opne havet).
Torsk og skrei. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Torsken livnærer seg av lodde, sild og brisling, men han et òg eigen yngel. Han kan bli 40 år gammal. Av torskestammane våre er den norsk-arktiske torskestammen (skrei) den viktigaste. Han lever mesteparten av livet i Barentshavet, men vandrar både som umoden og gytemoden torsk (skrei).

Skreifiske utenfor Senja. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utbreiing

Skreien blir kjønnsmoden ved to–seks-årsalderen. Gyteområda strekkjer seg frå Finnmark til Stad, men dei viktigaste felta er utanfor Lofoten. Gytevandringa til skreien dannar framleis grunnlaget for det viktigaste sesongfiskeriet vi har: lofotfisket. Ungtorsk i Barentshavet vandrar etter gytemoden lodde mot Finnmarkskysten om våren. Han blir då kalla loddetorsk og er grunnlaget for det tradisjonelle vårtorskefisket.

Kysttorsken er i utgangspunktet lik torsken i Barentshavet, men er meir stasjonær på grunt vatn. Han finst frå fjøra og ned til om lag 600 meters djupn.

Bestand

Den store torskebestanden i Barentshavet er i god vekst, og det blir årleg hausta 450 000–500 000 tonn av denne bestanden. Kysttorskbestanden er ikkje i like god forfatning som den norsk-arktiske torskebestanden, og det blir arbeidd målbevisst for å byggje opp bestanden på tilsvarande måte som for silda i 1990-åra. Oppdrett av torsk er aukande, og vi kan finne fersk torsk i butikken heile året.

Fisker holder en stor torsk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fangstreiskapar

Torsken fiskar vi med botntrål, snurrevad, line, garn, jukse eller teine.

Bruken

Torsk blir seld fersk eller frosen som skiver, heil fisk eller som filetar. Han blir òg omsett lettsalta og røykt og som klippfisk, tørrfisk eller lutefisk. Torsken har ein mild smak som taklar mange ulike typar tilbehøyr og krydder. Torsken skivar seg lett, og derfor bør han ikkje delast i for små stykke.

Tørrfisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Torsk er ei god proteinkjelde. Det er ein mager fisk og feittet finst derfor i levra. Torskelever er rik på A- og D-vitamin. Torsk er også ei god kjelde til vitamin B12 og selen.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Sesong:

  • Norsk-arktisk torsk (skrei): januar–april
  • Loddetorsk (vårtorsk): april–juni
  • Kysttorsk: heile året

Utbreiing:
Nord-Atlanteren

Storleik:
opptil 150 cm og 50 kg

Med andre ord:
Latin: Gadus morhua
Engelsk: Cod
Fransk: Cabillaud, Morue
Tysk: Dorsch, Kabeljau

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norges sjømatråd
Sist fagleg oppdatert 27.03.2020

Læringsressursar

Fiskeartar i norske farvatn