Hopp til innhald

Fagstoff

Fiskekraft

Etter at du har filetert fisk, er det fint å koke kraft på fiskebeina, hovudet og avskjeret. Fiskekrafta har ein mild og god smak som passar framifrå til saus eller suppe.

Fiskekraft skil seg frå andre typar kraft ved at vi må vere nøye med koketida: Ho skal berre koke i 25–30 minutt. Koker du ho lenger, kan du risikere at ho blir limaktig. Grønsakene som skal nyttast i krafta, kan du skjere i små bitar, slik at vi får mest mogleg smak ut av dei på den korte koketida. Når du koker fiskekraft, er det òg viktig å skjere vekk gjellene. Dei gir nemleg ein vond smak.

Gir ca. 1,5 liter
Tillagingstid: 20 minutt
Koketid: 30 minutt

Ingrediensar

  • 2 kg fiskebein frå kvit fisk
  • 100 g gulrøter
  • 100 g sellerirot
  • 100 g lauk
  • 100 g purrelauk
  • 4 timianstilkar
  • 4 stk. laurbærblad
  • 10 persillestilkar
  • 5 peparkorn

Framgangsmåte

  1. Kutt beina i mindre bitar, og skjer vekk gjellene.
  2. Skyl fiskebeina i kaldt vatn.
  3. Ha beina i ein kjele, dekk dei med kaldt vatn, og gi det heile eit oppkok.
  4. Skum av overflata, slik at du får ei fin, klar kraft.
  5. Kutt grønsakene i små bitar, og tilset dei i krafta saman med krydderet. Kok krafta på svak varme i 25 minutt.
  6. Sil krafta, og avkjøl. Det er viktig at krafta blir avkjølt raskt. Det kan du gjere over isbad eller i djupfrysar.
CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024

Læringsressursar

Kraft, jamning, saus og suppe