Kraft er ei vassaktig væske med smak frå dei råvarene ho er kokt på.
Inndeling av krafter
- lys kraft
- brun kraft
- spesielle krafter
Ei kraft består av:
- bein
- grønsaker («dei fire store»)
- vatn
- salt
- bouquet garni (krydderkvast)
Framgangsmåte for koking av kraft
- Vask oppkutta bein.
- Kok opp beina frå kaldt vatn som er tilsett salt.
- Krafta skal skummast godt når ho begynner å koke.
- Ha grovkutta reinvaska grønsaker («dei fire store») i krafta saman med bouquet garni. Lat blandinga småkoke.
- Sil krafta når ho er ferdigkokt.
NB! Til brun kraft skal beina brunast godt etter at dei er vaska.
- Dei fire store: gulrot, sellerirot, purrelauk og lauk
- Bouquet garni: ein krydderbukett som er sett saman av persillestilkar, laurbærblad, timian, purrelauk og sellerigrønt, pakka i gas
Relatert innhald
CC BY-NC-SASkrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019