Hopp til innhald

Historiske kjelder

Fotspor frå krigstida

Det var boktrykkeria, eller adressekontora, som gav ut dei første avisene i Noreg. Oppgåva til adressekontora var å formidle informasjon ved hjelp av løpesetlar og annonsar.

Header Kristiansands Adresskontoirs Efterretninger. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historiske aviser som kjelder

Kristiansands Adresse-kontoirs Efterretninger vart gitt ut i perioden 1790-1838. Avisa vart trykt etter kongeleg løyve av 1798, og eigd av rådmann Michael Glückstad. I 1815 overtok Ole Pedersen Moe avisa. Artiklane i avisa er trykte med ei blanding av gotiske og latinske bokstavar.

Kjeldeoppgåve

I denne oppgåva skal elevane bruke gamle aviser som kjelder i ein studie av levekåra i Noreg under Napoleonskrigane.

Nasjonalbiblioteket har ei stor samling av slike aviser frå ulike delar av landet.

Det digitale nasjonalbiblioteket

Oppgåve 1

Studer oppslaga i avisa Kristiansands Adresse-kontoirs Efterretninger frå 28. august 1807.

Kjelde

Kristiansands Adresse-kontoirs Efterretninger 1807

Filer

Rettleiing

Det trykte gotiske alfabetet

  1. I denne avisa har amtmann Thygeson skrive tre tekstar. Tekstane er skrivne med gotiske bokstavar og kan derfor vere vanskelege å lese for oss som lever i dag. Set om dei tre tekstane til moderne norsk. Bruk rettleiinga i gotisk skrift frå Riksarkivet som hjelpemiddel.
  2. Kva bodskap er det Thygeson kjem med i desse tekstane, og kva er opphavet til det han skriv?
  3. Ein annan skribent i denne avisa er Niels Moe, kjøpmann, prøyssisk konsul og kaptein i borgarrørsla. Kva for problem har han fått i samband med krigsutbrotet?
  4. Samanlikn kornprisane i Arendal, Kristiansand og Stavanger i august 1807. Kva kosta dei ulike kornslaga?
  5. Kvar var kornet rimelegast?
  6. Korleis vil du forklare forskjellane i kornprisar?

Oppgåve 2

I den digitaliserte avissamlinga til Nasjonalbiblioteket kan du lese mange utgåver av Kristiansands Adresse-kontoirs Efterretninger (Nasjonalbiblioteket omtalar avisa som Christiansands Adresse-Contors Efterretninger).

Kjelde

Christiansands Adresse-Contors Efterretninger

  1. Studer utgåva frå 4. august 1808. Her blir ei mislukka kapring omtala. Kva slags skip var det som vart freista kapra?
  2. Kva var lasta?
  3. Kvifor mislykkast kapringa?

Oppgåve 3

Studer oversikta over fødde, dødfødde og døde i Kristiansand stift i 1808 i avisutgåva frå 13. januar 1809.

Kjelde

Christiansands Adresse-Contors Efterretninger

  1. Kva kan du lese ut av denne tabellen om folketalsutviklinga i dei ulike områda i Kristiansand stift i 1808?
  2. I Kristiansand by er det få dødfødslar, medan det er mange på Jæderen (Jæren) og i området som går under namnet Dalerne (Dalane). Korleis vil du forklare dette?
  3. Kor mange tvillingar og trillingar vart fødde i Kristiansand stift i 1808?
  4. Kor stor del av dei døde drukna?

Oppgåve 4

Fordel Nasjonalbiblioteket sine utgåver av avisa Kristiansands Adresse-kontoirs Efterretninger (Christiansands Adresse-Contors Efterretninger) i tidsrommet 1807 til 1814 på elevane i klassen.

Kjelde

Christiansands Adresse-Contors Efterretninger

  1. Studer den avisutgåva du har fått tildelt, nøye. Kva fortel denne om levekår på Sørlandet under Napoleonskrigane?
  2. Skriv eit kort blogginnlegg om det du har funne ut og del det med dei andre elevane på ein felles klasseblogg.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2017

Læringsressursar

Napoleonskrigane

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale

  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kjeldemateriale.