Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Periodisering

Korleis ein vel å periodisere, avheng mykje av kva slags historiesyn ein har, og kva drivkrefter ein meiner er viktige. Drivkrefter kan vere politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Spinnemaskina Spinning Jenny. Eit slags stativ med rader med spolar monterte på den eine kortenden og på midten. Fleire trådar er spende frå den eine kortenden til den andre. På den eine langsida er det eit stort hjul med sveiv. Illustrasjon.

Spinnemaskina Spinning Jenny er ei av fleire nyvinningar som effektiviserte tekstilproduksjonen på starten av den industrielle revolusjonen.

Oppgåve 1. Lange linjer

Periodar kan vere av ulik lengde og vere ulikt inndelt. Argumentasjon rundt inndeling kan handle om å sjå anten dei lange eller dei korte linjene i historia. Eit døme på lange periodar kan vere å dele historia i tre: før overgangen til jordbruk, mellom "jordbruksrevolusjonen" og den industrielle revolusjonen og tida etter den industrielle revolusjonen.

  1. Kva vart forandra ved "jordbruksrevolusjonen" og den industrielle revolusjonen som tilseier at dette er to viktige skilje i historia? Kva for lange linjer kan ein peike på her? Kva er likskapane innanfor ein periode, og kva er det som skaper overgang til ein ny periode?

  2. Kva andre periodeinndelingar kjenner du til, og kva kan vere årsaka til at ein har disse inndelingane (kva er det som blir endra mellom periodane)?

Oppgåve 2. Periodar i nyare tid

Diskuter i grupper.

  1. Kva slags drivkrefter i nyare tid synest de er viktige? Dette kan vere endringar i kven som har makt, økonomisk vekst eller nedgang, frigjering for statar eller folkegrupper med meir. Kanskje kan du kome på nokon eigne døme òg? Vel dykk eit par drivkrefter og avgjer om desse kvalifiserer til å seie at ein har gått inn i ein ny tidsperiode. Argumenter for kvifor de meiner det betyr ein ny periode eller ikkje.

  2. Kan det vere oppfinningar som òg endrar verda i så stor grad at vi går inn i ein ny periode i historia?

  3. Kva slags periode meiner de vi er inne i no? Kva for sosiale, kulturelle, økonomiske eller teknologiske endringar kan skilje tida frå tidlegare tider? Om de kunne ha gitt namn til "tida vår" – kva ville de kalle ho for å skilje ho frå andre periodar?

Sist oppdatert 25.05.2021
Skrive av Eva Bratvold, Magnus Sandberg og Inga Berntsen Rudi
Rettshavar: Sandberg KANALT

Læringsressursar

Tidlege samfunn