Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Steinalderen i Noreg

Dei første menneska som kom til Noreg etter istida, levde i små, nomadiske familiar Sjå animasjonen før du svarar på spørsmåla nedanfor.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Jegersamfunnet i steinalderen. Jegere gjør opp byttet etter jakt ved en bosetting. Skjermdump fra animasjon om Steinalderen.

Oppgåve 1: Nomadar

  1. Kva vert meint med nomade?
  2. Kva er truleg forklaringa på at dei levde som nomadar?

Oppgåve 2

Som du såg i animasjonen var det kystområda dei slo seg ned i og der dei busette seg. Også i andre samfunn andre stadar på jorda har menneske busett seg i kystområde og langs elvar – noko vi også ser i samfunn i dag.

Kva årsaker kan det vere til at dei først og fremst slo seg ned i slike område?

Oppgåve 3

Frå å vere eit jeger- og sankarsamfunn endra samfunnet seg til eit jordbrukssamfunn. Vi fekk det nokre kallar ein jordbruksrevolusjon. Dette skjedde på same tid som klimaet gradvis vart kaldare.

  1. Kva trur de endra seg for den enkelte når samfunnet endra seg frå et jeger- og sankarsamfunn til eit jordbrukssamfunn?
  2. Kva fordeler og ulemper har det å leve mange saman på eit område framfor at små familiar budde spreidd?
Sist oppdatert 25.09.2017
Skrive av Eva Bratvold
Rettshavar: Sandberg KANALT

Læringsressursar

Tidlege samfunn