Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

For lenge, lenge sidan

Jordkloten hadde eksistert i mange hundre millionar år før det fanst menneske, men historiefaget handlar om mennesket si historie. Og det første naturlege temaet i den historia er den biologiske utviklinga til arten menneske. Når vart vi eigentleg menneske?

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Menneskets utvikling fra Proconsul til Homo sapiens sapiens. Illustrasjon.

Frå Homo habilis til Homo sapiens

For tre-fire millionar år sidan, levde ei menneskeliknande ape, som vi kallar Australopithecus i Aust-Afrika. Mange reknar den som ein forfar til menneskearten. Funn av yngre bein og knoklar viser korleis nyare artar vart stadig meir lik menneske slik vi er i dag. Homo habilis levde for ca. 2,5 millionar år sidan, og er den første som vert omtala som menneske. «Homo» betyr menneske på latin, og homo habilis betyr «det dyktige mennesket». Ein seinare art vert kalla Homo erectus, det oppreiste mennesket. Funna tyder på at homo erectus kunne gjere opp eld og bruke reiskapar av bein. Deretter kom Homo sapiens, det forstandige mennesket, som er forfar til både Neandertalmennesket og oss, Homo sapiens sapiens, som gjerne vert omsette til det moderne mennesket.

Neandertalarane

Neandertalarane var ein kraftig, fysisk veltilpassa art, men mindre dyktig til å bruke reiskapar enn det moderne mennesket. Neandertalarane budde på det europeiske kontinentet lenge før moderne menneske kom hit, og det er ulike teoriar om korleis forholdet mellom dei to gruppene må ha arta seg. Var det eit konfliktfylt forhold mellom dei, eller levde dei harmonisk side om side? Slike spørsmål er det vanskeleg å svare på ut frå det sparsame kjeldematerialet vi har igjen etter dei, men nyare forsking tyder på at neandertalar-menneska og dei moderne menneska levde side om side i omtrent 20.000 år, før neandertalarane vart borte. Og det ser også ut til å ha vore ei viss genetisk utveksling mellom dei to. Dermed er det kanskje ikkje rett å seie at neandertalarane døydde ut. Kanskje lever dei vidare i oss? Men funna viser også at det moderne mennesket hadde trekk som vi i dag reknar som typisk menneskelege: dei brukte reiskapar, og dei laga pyntegjenstandar og figurar forskarane meiner er teikn på religiøse førestillingar.

Det at dei tidlegaste spora av menneske, er funne i Afrika, er grunnlag for ein teori som vert kalla «Ut av Afrika-teorien». Den går ut på at heile menneskeslekta har opphav i Afrika, og at dei derifrå har spreidd seg ut over i verda.

Sist oppdatert 22.09.2017
Skrive av Magnus Sandberg
Rettshavar: Sandberg KANALT

Læringsressursar

Tidlege samfunn