Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fordøyinga

For at cellene i kroppen skal kunne nyttiggjere seg næringsstoffa i maten, må han først fordøyast. Med fordøyinga meiner vi den kjemiske nedbrytinga, frå vi et maten, til han blir teken opp i blodet.

Brotne ned til mindre molekyl

I maten finst dei energigivande næringsstoffa som store molekyl. Dei kan ikkje takast opp av cellene utan at dei først blir brotne ned til mindre molekyl.

Alle karbohydrata må spaltast til monosakkarid, proteina må spaltast til aminosyrer og feitt til feittsyrer og glyserol.
Den kjemiske nedbrytinga går føre seg ved hjelp av fordøyingsvæsker som inneheld enzym.

Opptak

Næringsstoffa blir så absorberte i tarmen og førte over i blodet eller lymfa. Med blodet blir næringsstoffa frakta etter behov til alle cellene i kroppen.

Fordøyingssystemet

Fordøyingssystemet består av fordøyingskanalen, kjertlane som lagar fordøyingsvæskene, og levra.

Hos vaksne er fordøyingskanalen 5–7 meter lang. Fordøyingskanalen startar alt i munnhola og består i grove trekk av munnhola, svelget og matrøret, magesekken, tolvfingertarmen, tynntarmen, tjukktarmen og endetarmen. Dei første 25 cm av tynntarmen kallar vi ofte tolvfingertarmen.

Sist oppdatert 20.11.2018
Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk og Øyvind Bønes
Rettshavar: NKI Forlaget

Læringsressursar

Fordøyinga

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Obstipasjon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Sjukepleietiltak ved obstipasjon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordøyingsprosessen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fordøyelsen

Oppgåver og aktivitetar