Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Oppgåver om mediemakt

Forsiden til flere lokalaviser. Foto.

Oppgåve 1: Kva bør skuleavisa heite?

  1. Kva rolle pressa speler i eit demokratisk samfunn, speglar seg ofte av i namna på avisene. Eit namn kan vere knytt til stad, samfunnsrolle, stoffområde eller politisk ståstad. Ta ein titt på oversikta over alle avisene vi har i Noreg: Norske avisforsider
    • Kva heiter dei?
    • Vurder kva slags aviser dette er, og kva slags stoff dei dekkjer.
  2. Tenk deg at de skal starte ei avis eller ein nyheitskanal på skulen din.
    • Kva burde avisa heite? Gi ein grunn.

Oppgåve 2: Kva saker er på dagsordenen i dag?

Sjekk ut framsidene på dei nettavisene du kjenner til.

  1. Kva slags saker har dei på framsida?
  2. Vel ut mellom tre og fem saker som du set opp i ei prioritert liste der den viktigaste saka er øvst.
  3. Del gjerne lista di med medelevar og diskuter kvifor de har prioritert som de har gjort.

Oppgåve 3: Korleis tek VG hand om samfunnsansvaret sitt?

I mediebruksundersøkinga er det VG på nettet som er mest brukt av ungdom. Derfor har vi henta to eksempel frå VG i denne oppgåva:

Samanlikn desse to ulike sakene og diskuter i klassen kva sak som best følgjer opp pressa si samfunnsrolle.

Tips i diskusjonane:

  • Kva trur du er den redaksjonelle vurderinga bak nyheitssakene?
  • Kva sak trur du har kosta journalisten mest arbeid å produsere?
Sist oppdatert 26.04.2018
Skrive av Grethe Melby

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom og demokrati

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringar i det offentlege rommet

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Diskuter bruken statsrådar gjer av sosiale medium

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva kan du no om maktfordeling?

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kven har makt over kva?

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppgåver om mediemaktDu er her

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Grenser for ytringsfridom

Vurderingsressurs