Hopp til innhald

Historiske kjelder

Dødeleg nyttårsaftan i Oslo

Tolv bombefly av typen De Havilland Mosquito er på veg inn Oslofjorden for å sleppe bombar mot eit bestemt mål i Oslo sentrum. Kva skjedde eigentleg denne dagen, og kvifor?

Den de Havilland DH.98 Mosquito - et britisk multi-bruks kampfly - fotografert i 1941
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oslo, nyttårsaftan 1944, kl. 11:40

Noreg har no vore okkupert av Tyskland i over fire år. I Oslo blir nordmenn torturerte under forhør i Gestapos hovudkvarter, og nokre døyr av skadane nazistane påfører dei. Nokre røper også opplysningar som skader andre og øydelegg for den norske kampen mot nazismen. Dessutan oppbevarer nazistane register over fiendane sine og annan viktig informasjon i arkivet i hovudkvarteret – eit arkiv mange nordmenn gjerne vil sjå øydelagt.

Folk i Oslo gjer seg klare til å feire nyttårsaftan. Nokre går eit siste ærend før den store kvelden, andre er på veg til kyrkja, atter andre er heime og førebur seg til festen på kvelden. Plutseleg, utan at flyalarmen har gått, kjem seks bombefly flygande inn over byen med eit brøl. Litt etter følgjer seks nye fly. Målet deira er bygningskomplekset Victoria terrasse. Nokre minutt seinare ligg fleire bygningar i ruinar, og over hundre menneske er døde. Oslo har opplevd sitt verste bombeåtak.

Alliert flyangrep mot Victoria Terrasse i Oslo, Gestapos hovedkvarter, 31. desember 1944. 78 sivile ble drept.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva skjedde eigentleg denne siste dagen i 1944?

Fleire forteljingar – same hending

Alltid, men særleg i eit samfunn der det er krig eller stor usemje mellom partar i ein konflikt, er det viktig å tenkje på kven som skriv og seier ting, og i kva samanheng det er skrive. Om ein kan finne ut av dette, kan ein også tenkje over kvifor nokon skriv eller seier det dei gjer.

Oppgåve 1

Flyangrep mot Victoria Terrasse i Oslo. Sivilbefolkningen ser mot åstedet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les dokumentet «Rapport».

  1. Kven har skrive dokumentet, og kven er det til?
  2. Når vart det skrive?
  3. Forklar, i tre setningar, kva som står i rapporten.
  4. Ifølgje dei som har skrive rapporten, kven var det som bomba Oslo på nyttårsaftan 1944?

Oppgåve 2

Hemmlig engelsk rapport
Opne bilete i eit nytt vindauge

I eit «Top secret»-dokument, skrive av ein høgtståande britisk offiser, står det om bakgrunnen for bombinga i Oslo på nyttårsaftan 1944. Her er eit kort samandrag på norsk:

Medlemmer av MILORG har bede britiske styresmakter om å bombe Victoria terrasse, og at åtaket måtte skje fort. Dei ønskte å drepe Gestapo-offiserar og å øydeleggje dei arkiva som vart oppbevarte i bygninga. MILORG forsikra dei britiske styresmaktene om at det norske forsvarets overkommando også ønskte ein aksjon, og at svært få nordmenn budde eller oppheldt seg i området som skulle bombast. Dei visste derimot at nordmenn sannsynlegvis ville vere i bygninga, fengsla i kjellaren på Victoria terrasse, men at dei i alle tilfelle ville ønskje eit åtak velkomme.

a. Les det engelske «Top secret»-dokumentet og kryss av for eitt rett svar på kvart spørsmål:

b. Kva planla MILORG og britiske styresmakter, og kvifor? Skriv ein kort tekst der du forklarer dette med dine eigne ord.

Oppgåve 3

Kjelder oppgåve 3

Aftenposten 2. januar 1945

Filmavisen om bombinga av Victoria terrasse:

Frihet og fred 1945 og Vår mening

  1. Les overskriftene på dei to avissidene frå Aftenposten, 2. januar 1944. Trur du Aftenposten var ei «lovleg» avis som trykte det nazistane ville? Grunngi svaret.
  2. Ifølgje Aftenposten var det «fiendtlege fly» som bomba Oslo. Kven var fienden?
  3. Sjå klipp frå Filmavisen om bombinga av Victoria terrasse. Trur du denne filmen var produsert og/eller godkjend av nazistane? Grunngi svaret.
  4. Sjå framsida til den illegale avisa Frihet og fred, og les teksten med tittelen «Vår mening» frå ei anna illegal avis. Forklar kort skilnadene mellom framstillinga av bombeåtaket i Aftenposten, og denne framstillinga som vart skriven av ein heimefrontmedlem.
  5. Nedst på sida finn du fagartiklar og anna stoff om propaganda. Vil du seie at artiklane i Aftenposten og dei illegale avisene er propaganda?

Oppgåve 4

Siegfried Fehmer i cellen på Møllergata 19 etter frigjøringen i 1945. Han ble dømt til døden i 1946 og henrettet 16. mars 1948 på Akershus festning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det vart drepe 106 menneske i bombinga av Oslo 31. desember 1944, 79 nordmenn og 27 tyskarar. Målet med åtaket var å øydeleggje hovudkvarteret til Gestapo. Middelet var å bombe bygninga, med stor risiko for å skade og drepe uskuldige menneske.

Det store spørsmålet er: Tente middelet målet?

Kjelder oppgåve 4

Skuldpåstand mot Siegfried Wolfgang Fehmer

Victoria terrasse. Liste over daude

Til fordjuping

NRK Brennpunkt om bombinga av Victoria terrasse (1 time):

Nyttårsaften

E-bok:

Bomb Gestapo-hovedkvarteret!

  1. Studer dokumentet som skildrar tortur utført av GESTAPO under krigen. Denne torturen skjedde i kjellaren på Victoria terrasse. Teksten er henta frå rettssaka mot GESTAPO-sjefen i Oslo, Siegfried Wolfgang Fehmer. Han vart dømd til døden for krigsbrott etter krigen og skoten på Akershus festning i 1948, mellom anna for dei handlingane som er skildra her.
    Når du har lese dokumentet, skal du bruke to minutt til å skrive ned alle dei orda som fell deg inn om det du har lese.
  2. Les dokumentet «Fortegnelse over lik undersøkt ved Patologiske laboratorium, Ullevål sykehus», ei liste over 56 av dei som vart drepne i bombinga på nyttårsaftan 1944. Bruk to nye minutt til å skrive ned tankane dine om dette siste dokumentet.
  3. Den mislykka bombinga av Victoria terrasse har ikkje vorte snakka eller skrive mykje om i åra etter krigen. Først i 1995 kom det ei bok om temaet, og det tok enda 17 år før NRK laga ein dokumentarfilm om bombinga (sjå filmen her). Det finst heller ikkje noko minnesmerke over alle dei som mista livet i bombeåtaket.
    Kan du tenkje deg nokre grunnar til at dette åtaket, det mest dødelege i Oslo under krigen, har fått såpass lite merksemd?

Diskuter i klassa:

  • Var det rett å bombe Oslo den dagen for snart 70 år sidan? Kan bombeåtaket rettferdiggjerast?
  • Noreg deltok med bombefly da Gaddafi vart styrta som president i Libya i 2011. Var det rett eller gale av NATO å bombe den gongen?
  • Kva er skilnaden mellom ein terrorist og ein fridomskjempar?
CC BY-NC-SASkrive av Ingeborg Stensrud. Rettshavar: Statsarkivet i Oslo
Sist fagleg oppdatert 17.01.2018

Læringsressursar

Krigen i Noreg

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale