Oppgåvar som tar for seg overgangen frå jeger- og sankarsamfunnet til jordbrukssamfunnet i førhistorisk tid. Du bør ha lese det relaterte fagstoffet før du svarar på spørsmåla.
LK06

Oppgåve 1 Overgangen til jordbruk
- Diskuter i grupper: For oss i dag er det sjølvsagt at frøet frå ei plante spirer og blir til ei ny plante av same slag. Likevel er det vanskeleg å seie om dette var ei ny oppdaging ved overgangen til jordbruk. Var dette noko folk ikkje hadde forstått tidlegare, og så brått oppdaga dei det for 10 000 år sidan? Eller hadde folk kjent til prinsippa for kor fruktbar naturen er, men ikkje kome på ideen om (eller orka) å planlegge og gjennomføre jordbruk og husdyrhald? Kan det vere andre årsaker til at ein på dette tidspunktet brått starta med jordbruk og husdyrhald?
- Finn ut: Spesialisering er eit omgrep som dukkar opp med overgangen til jordbruk. Finn ut kva som vert meint med dette, og kvifor det er eit viktig omgrep
Oppgåve 2 Pengeøkonomi
Jordbruksoverskotet la grunnlaget for yrke og ein pengeøkonomi.
- Sjølv under dei tidlege sivilisasjonane måtte ein betale skatt, akkurat som i dag. Kva trur de skattepengane vart brukt til då – og kva vert dei brukt til no?
- Kvifor fekk vi pengeøkonomi på denne tida?
Oppgåve 3 Påvirkning på naturen
- Kva slags påverknad hadde jeger/samlar-samfunna på naturen sammenlikna med jordbrukssamfunnet?
- Med tanke på det de no har lese om desse tidlege samfunna; ville de levd som jegarar/sankarar eller jordbrukarer? Kvifor meiner de dette?
Sist oppdatert 11.09.2017
Rettshavar: Sandberg KANALT