Tid er noko av det mest sentrale ein kan jobbe med når det gjeld historie, og som gjer at ein kan skildre både kva som vert endra og kva som vert vidareført – endringar og kontinuitet. Periodisering er difor ei historisk inndeling som vert brukt til å forklare og til å forstå utvikling.

Bronseringer
Fellestrekk og overgangar
Ein ser ofte på fellestrekk, og lagar overgangar til nye periodar gjennom å sjå på kva som vert endra – t.d. sosialt, kulturelt, økonomisk og teknologisk. Overgangen frå steinalder til bronsealder har t.d. fleire aspekt – men det tydelegaste er nok at ein går frå å arbeide med stein til å bruke metall. Periodane kan vere korte eller lange. Korleis ein vel å periodisere avheng difor mykje av kva slags historiesyn ein har, og kva drivkrefter ein meiner er viktige.
Utfordringar med periodisering
Ei utfordring med periodisering er at utvikling skjer til ulike tider på ulike stadar på jorda, noko som gjer det vanskeleg å definere tidsperiodane for ulike historieperiodar. Det dei fleste uansett vil vere samde om er at to av dei viktigaste inndelingane er «jordbruksrevolusjonen» og den industrielle revolusjonen.