Hopp til innhald

Fagartikkel

Arkeologi

Historieframstillinga om tidlege samfunn byggjer stort sett på arkeologiske undersøkingar. Arkeologi er eit arbeid for dei tålmodige. Ei enkelt utgraving får kanskje ikkje fram veldig mykje ny kunnskap, men til saman gjer den arkeologiske forskinga at vi har eit ganske godt bilete av førhistoria i Noreg og verda.

LK06
Funn av hodeskalle under arkeologiske utgravninger på Torvet i Kristiansand sentrum. Foto.

I sommarhalvåret er arkeologar mykje ute i feltet, og i vinterhalvåret arbeider dei med datering og analysering av funn, og å skrive om forskinga. Det er då nye brikker vert lagde i det store historiske puslespelet.

Arkeologen sine metodar

Tidlegare funn dannar utgangspunktet for å datere nye funn. Vi kan rekne med at objekt som liknar kvarandre, og er funne i same jordlag, truleg stammar frå same periode. På den måten let det seg gjere å bruke tidlegare funn til å klassifisere eit nytt.

Arkeologi er likevel ein vitskap som er i stadig endring. Den blir endra ved at ny teknologi gir nye mulegheiter, av endringar i natur og miljø, og av at nye generasjonar stiller nye spørsmål. Her er nokre døme på det:

Ny teknologi har fornya arkeologien igjen og igjen. Eit sentralt døme, er då ein amerikansk kjemikar midt på 1900-talet utvikla ein metode for karbondatering, kalla C-14-metoden. Den har gjort det mogeleg å gi svært nøyaktige dateringar av organisk materiale, som t.d. kolet i ein eldstad frå steinalderen. Eit anna døme er at betre dykkarutstyr dei siste 30-40 åra har gjort havbotnen meir tilgjengeleg for arkeologiske undersøkingar. Nyare teknologiske hjelpemiddel på land, er georadar og CT-skanning.

Faget vert også endra ved at naturgitte føresetnader endrar seg. Vi har vore inne på korleis den globale oppvarminga får konsekvensar for arkeologane. Kvart år smeltar fleire tusen år gamal is frå isbreane. Ting som har vore frosne ned i isbreane i alle desse åra kjem til syne, og gir arkeologar mykje å drive med. Difor er det ikkje tilfeldig at det i 2014 vart starta opp eit nytt arkeologisk forskingstidsskrift: Journal of Glacial Archeology.

Eksperimentell arkeologi

I dag driv mange med det som vert kalla eksperimentell arkeologi. I staden for å berre studere noko folk i tidlegare tider har bygd, prøver dei sjølv å byggje det, og kanskje bruke det etterpå. Ved å utføre arbeidet sjølv, og å bruke dei same reiskapane og metodane som dei opphavelege byggmeistrane hadde tilgjengeleg, kan forskaren forstå meir av kvifor det har den forma det har. Eksperimentell arkeologi vert dessutan mykje brukt av museum for å formidle kunnskap om historia.

Historisk tid

Etter jarnalderen går vi inn i det vi kallar historisk tid. Då begynner vi å få fleire skriftlege kjelder, og dermed blir metodane for å forske på historia heilt andre. Dei to typane av kjelder vert tradisjonelt kalla «leivningar» og «forteljingar». Leivningar er ting, og sjølve tingen må studerast nøye for å kunne fortelje noko om fortida. Forteljingar er tekst som fortel noko. Ein kan sjølvsagt framleis vere interessert i papiret teksten er skriven på, og blekket den er skriven med - men hovudkjelda her, er det teksten fortel. No er det ikkje berre arkeologiske metodar som gjeld lenger. Historikarane kjem meir på bana. Dei er ekspertar på å tolke skriftlege kjelder.

Sist oppdatert 25.09.2017
Skrive av Magnus Sandberg
Rettshavar: Sandberg KANALT

Læringsressursar

Tidlege samfunn