Hopp til innhald

Fagartikkel

Tidlege sivilisasjonar

Jordbruksoverskotet opna for at nokre i samfunnet kunne spesialisere seg. I staden for sjølv å produsere mat, kunne nokre ha løna arbeid og bruke løna til å forsørgje seg. Jordbruksoverskotet la dermed også grunnlaget for yrke og ein pengeøkonomi.

LK20LK06
veggmåleri som viser sju menneske berande på palmeblad og stokkar. Foto.

Hatshepsuts handelskespedisjon til landet Punt.

I jeger- og samlarsamfunna var dei fleste på flyttefot i periodar. Dei kunne ikkje eige meir enn det var praktisk å bere med seg. Dei planla truleg berre for den næraste framtida, og la i liten grad opp forråd. I jordbrukssamfunnet vart det for første gong praktisk å eige meir. Vi kan rekne med at det tidleg vart utvikla metodar for lagring og konservering av mat, og det vart nødvendig å kome fram til lover og reglar for å sikre eigedom, og for å avgjere korleis den enkelte skulle skatte til fellesskapet.

Spesialisering

Tidlege yrkesgrupper var ulike handverkarar, handelsmenn, krigarar og prestar. Religionen vart eit grunnlag for maktutøving, og presteskapet vart ofte også eit politisk leiarskap. Kongar hevda slektskap eller nært samband med gudane som legitimering for styret sitt, og offentlege ritual og overdådige tempel fungerte som lim i samfunnet.

Eldre japansk vase og krukke. Foto.

Pottemakarkunsten var kjend tidleg, men behovet for krukker til lagring, vart langt større i jordbrukssamfunnet. Potter gjorde at ein kunne lagre mat, også stuingar og supper – og halde maten trygt lagra utanfor rekkevidde for mus og andre skadedyr.

Spesialisering og næringsverksemd førte etter kvart til ei sosial lagdeling. Dei som klarte å tileigne seg deler av produksjonsoverskotet, var rike. Det store fleirtalet gjorde ikkje det. Dei overlevde - slik menneske alltid har gjort, men no i eit samfunn der nokre var langt rikare enn dei sjølv. Slik bygde det seg raskt opp ein enorm avstand mellom ein styrande elite og det store fleirtalet av fattige bønder.

Religion

I samfunn der alle var så avhengig av jordbruksproduksjonen for overleve, fekk religionsutøvinga sterkt preg av fruktbarheitskult. Gude-kongen var ein ambassadør mellom høgare makter, og sytte for at kornhausten var god. I uår var det gjerne kongen og presteskapet som måtte stå til ansvar for den dårlege avlinga.

Sivilisasjonar

For 5500-3500 år sidan utvikla det seg slike avanserte samfunn i ulike deler av verda. Dei eldste var i Mesopotamia og Egypt (5500-5000 år sidan). Noko yngre er sivilisasjonane i Indusdalen (4500 år) og Kina (4000 år). Alle desse vert kalla elvekulturar. Dei låg på sletteland langs store elvar, og vatnet la grunnlaget for produksjonsoverskotet, som igjen gjorde den avanserte samfunnsutviklinga mogeleg gjennom avanserte kanal- og irrigasjonssystem.

Sist oppdatert 22.09.2017
Skrive av Magnus Sandberg
Rettshavar: Sandberg KANALT

Læringsressursar

Tidlege samfunn