Hopp til innhald

Fagartikkel

Samane sin nasjonaldag 6. februar

Den 6. februar vert samane sin nasjonaldag markert. Samane kallar denne dagen Sámi álbmotbeaivi (nordsamisk) og Saemiej åålmegebiejjie (sørsamisk). Dagen markerer det første samelandsmøtet som vart halde i Trondheim 6. februar 1917. Frå 2004 vart dagen offisiell flaggdag.

LK06
Det samiske flagget. Foto.

I 1917 møttest rundt hundre sør- og nordsamar frå Noreg og Sverige i Trondheim. På møtet tok dei opp saker som var viktige for det samiske folket. Det kanskje viktigaste med møtet var å samlast som ei gruppe som kunne stille felles krav overfor styresmaktene. Saker samane tok opp, var mellom anna skulespørsmålet, om kva samebarna skulle lære på skulen, og reinbeitesaka, om beite i utmarka og kompensasjon for innskrenka beiteland.

Renberg og Mortensson

Dei to markante leiarfigurane på samelandsmøtet var Elsa Laula Renberg og Daniel Mortensson. Samekvinna Elsa Laula Renberg var oppteken av livsvilkåra til samane, oppvekstkåra til barna, opplæring på samisk og undervisning tilpassa samisk kultur. Daniel Mortensson hadde heile livet arbeidd for samerettar og var kanskje meir diplomatisk enn Renberg. Han var vidare meir oppteken av å fremje generelle krav enn å fronte særinteresser.

Flaggdag

I 1992 fastsette den 15. samekonferansen i Helsinki 6. februar som samisk flaggdag. Samane sin nasjonaldag vart første gong feira i 1993, med lokale markeringar og lokal flagging. 6. februar 2004 vart det samiske flagget heist utanfor Stortinget saman med det norske flagget. Dette vart starten på det som sidan er vorten ein offisiell flaggdag for både Noreg, Sverige og Finland. Når det er offisiell flaggdag, skal ein flagge med nasjonalflagget over heile landet, eventuelt saman med det samiske flagget.

I dag vert samane sin nasjonaldag markert i heile Noreg av barnehagar og skolar, og det vert flagga frå offentlege bygg.

Historiske bilete

Sist oppdatert 20.11.2017
Skrive av Hans Nissen og Inga Berntsen Rudi

Læringsressursar

Samisk historie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?