Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Produkt i bruk

Bilete som blir brukt i marknadsføring, er ofte illustrasjonsbilete som viser produkt i bruk. Mens produktbiletet berre viser korleis eit produkt ser ut, dokumenterer bilete av produkt i bruk produktet sin verdi for brukaren.
Et bildet av et par vanter og et bilde av en person som bruker vantene på fjelltur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bilete av produkt i bruk er kreative bilete som ofte blir brukt på forsider eller som dekorative illustrasjonar i bedriften sine katalogar og reklamemateriale. Eksempelbiletet til venstre viser berre produktet. Eksempelbiletet til høgre viser derimot både sjølve produktet (eit par vottar), korleis du kan bruke vottane, og at desse vottane kan bidra til ei fantastisk naturoppleving. Eit godt illustrasjonsbilete skal nemleg ikkje berre vise fram produktet, men også kommunisere rundt det. Positive kjensler som glad, gøy, tøff og unik blir knytt til produktet.

Resultat av lagarbeid

Eit godt reklamebilete er som regel eit resultat av lagarbeid. Ein reklamefotograf arbeider ikkje aleine, men saman med eit reklamebyrå som igjen arbeider for ein oppdragsgivar eller ei bedrift. Korleis kommunikasjonsflyten går føre seg, vil variere, men her ser du ein vanleg modell når bedrifta har utvikla eit produkt som har behov for marknadsføring:

  1. Planlegging

    • Reklamebyrå blir kontakta, og ein AD (Art Director) styrer oppdraget.
    • AD-en utviklar idear aleine eller i team saman med andre i reklamebyrået. Det er ikkje uvanleg at fotografen også blir kopla inn her. Forskjellige idear blir skisserte.
    • Pitch – reklamebyrå, fotograf og oppdragsgivar møter kvarandre, og dei forskjellige ideane blir presenterte. Så blir ein einige om korleis oppgåva skal løysast.
  2. Produksjon


    Fotografar og designarar produserer tekst, lyd og bilete etter avtale. For fotografen sin del vil dette seie at han/ho no må halde seg til godkjende idéskisser og produsere i samsvar med dei. Fotografen må førebu seg godt, skaffe nødvendig utstyr og rekvisita og arrangere dei opptaka som er avtalt. Kunnskap om kamerateknikk, lyssetjing og komposisjon må vere på plass. Det same gjeld nødvendig rekvisita og avtalar med både modellar og opptaksstader.
  3. Ferdigstilling


    Fotografen ferdigstiller bileta og leverer dei til reklamebyrået etter avtale. Her er det viktig at bileta blir levert i riktig(e) filformat, storleikar og oppløysing (pikslar pr. tomme).

To tips til gode bilete av produkt i bruk

  • Ver kreativ og prøv noko uvanleg.
    Desse bileta skal gjerne brukast i fleire format og samanhengar. Då er det viktig at bileta skil seg ut og blir lagde merke til.
  • Biletet må kommunisere med kunden.
    Eit godt produktbilete er eit bilete som gir kunden god informasjon om produktet og verdien til produktet. Motivet behøver ikkje vere så fototeknisk vanskeleg. Det viktigaste er at biletet fortel ei historie!
CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2017