Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Produktfotografering

Produktfotografering handlar om avfotografering av forskjellige typar gjenstandar. Dette er gjerne gjenstandar som skal seljast. I denne samanhengen har oppdragsgivar behov for bilete til bruk i katalogar, brosjyrar og på nett.

Fotografen sin jobb er å vise fram produktet frå si beste side på ein tydeleg og naturtru måte. Produktfotografering tilhøyrer ikkje dei mest kreative sjangrane innanfor fotograffaget, men fotografen må vere flink med lyssetjing og kunne handtere store mengder bilete raskt. Berre tenk deg mengda produkt som skal inn i katalogane til IKEA og Biltema kvart år!

Val av bakgrunn og lyssetjing

Det er viktig at produkta blir presenterte på ein delikat måte. Lyssetjing blir brukt for å framheve detaljar ved produktet som vinklar, linjer, fargar og anna. Det er ofte oppdragsgivar som bestemmer korleis produktet skal lyssetjast.

Produktfotografen arbeider gjerne saman med eit reklamebyrå som skal lage ein katalog eller ein reklamebrosjyre eller reklameavis. Val av bakgrunn og type lyssetjing er då viktig for å få ein god samanheng mellom bileta i katalogen. Du har sikkert sett ein skulekatalog der nokre elevar ikkje var med på førstegongs fotografering. Då er det viktig at fotografen har ei grundig lysskisse for å unngå at portrett tekne ved fotografering for andre gong skil seg ut med ein avvikande bakgrunn, lyssetjing eller fargetone.

Ei standard lyssetjing på kvit eller lys bakgrunn blir gjord i studio på eit produktbord med gode studiolamper. Eit standardoppsett på 45 grader med underbelysning, slik eksempelbiletet viser, sikrar ei jamn, mjuk belysning der produktet blir vist fram på ein tiltalande måte, utan mørke skuggar eller liknande. Oppsettet vil kunne gjentakast veke etter veke og dermed sikre at bileta blir like frå gong til gong.

Kollasj som viser oppsett for produktfotografering med blitslys i studio. Til venstre står to softboksar i 45 gradars vinkel på kvar si side av eit produktfotograferingsbord. Produktet som blir fotografert, er ein kaffikopp. Til høgre er eit nærbilete av kaffikoppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss du ikkje har tilgang til eit studio med dyrt utstyr, kan du òg ta flotte produktbilete ved bruk av naturleg lys. Eit standardoppsett for produktfotografering i naturleg lys kan vere å plassere den bakgrunnen du ønsker å bruke, ved eller i eit vindauge med indirekte lys. Som biletet viser, kan du til dømes bruke eit kvitt A3-ark, som du teipar fast i vindaugskarmen.

Kollasj med to fotografi. Til venstre er ein kaffikopp plassert på eit stort kvitt ark som er teipa fast i ein vindaugskarm. Til høgre er eit nærbilete av kaffikoppen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pass på at sollyset ikkje skin rett inn på produktet ditt. Då blir lyset veldig hardt og skuggane veldig mørke. Dette oppsettet vil kunne gi deg flotte produktbilete, men baksida av medaljen er at lyset vil variere frå time til time, dag til dag og så vidare. På den måten blir det mykje etterarbeid med å justere lyset til ein jamn biletserie.

Skjematisk oppsett som viser fordelar og ulemper ved lyssetjing i studio og naturleg lys. Fordelane ved lyssetjing i studio er at det er enkelt og effektivt, ein har god kontroll over lyset, og belysninga blir jamn over tid. Ulempene er at utstyret er dyrt og krev plass, og at lyssetjing i studio krev kunnskap. Fordelane ved naturleg lys er at det er tilgjengeleg og lite kostnadskrevjande. Ulempene er at ein har lite kontroll over lyset, at det er vanskeleg med jamt lys over tid, og at lite lys gir lang lukkartid eller mykje ISO-støy. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordrande produkt

Enkelte produkt er meir utfordrande enn andre. Tenk deg at du får i oppgåve å fotografere speglar til ein interiørkatalog. Korleis skal du klare det utan å få med spegelbilete at deg sjølv og heile studioet ditt? Den same problematikken gjeld smykke og andre blanke gjenstandar som til dømes gryter, bollar og liknande. Løysinga her er å pakke produkta inn i eit lystelt som blir belyst frå utsida. Lysteltet dekker alle sider, tak og "golv", slik at du unngår uheldige refleksar i produktet. Fotografer produktet gjennom ei lita opning i fronten. Slike lystelt kan du kjøpe eller lage sjølv.

Kollasj som viser rett og feil måte å produktfotografere ei blank kaffikanne på. Biletet til venstre viser bruk av blitslamper med softboksar, noko som gir uheldige refleksjonar i produktet. Biletet til høgre viser bruk av blitslamper og eit lystelt som gir lys utan uheldige refleksjonar frå omgivnadene. Kameraet er stukke inn i ein liten opning i lysteltet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Produktfotografering behøver ikkje vere samlebandsproduksjon. Det finst uendelege moglegheiter til å ta kreative og unike produktbilete. Ver kreativ med oppsett, bakgrunn, underlag, lys med meir. Moglegheitene er mange, og det er berre fantasien som stoppar deg. Har du høve til det, kan lysmålingsteknikken gi veldig kreative bilete. Du treng berre eit mørkt rom, lang lukkartid og ein nysgjerrig natur!

Tre tips til gode produktfoto

  1. Lysset produktet ditt.
    Bruk studio viss du har, eller ta deg tid til å setje opp produktet ditt ved eit vindauge. Ikkje bruk direkte blits frå kamera, då dette gir både refleksjonar og harde skuggar.
  2. Kvitbalanser bileta dine.
    Ein blå termos skal vere blå, ikkje turkis eller grøn. Ein riktig kvitbalanse sikrar naturtru fargar og er ofte ikkje meir enn eit tastetrykk unna.
  3. Ver kreativ.
    Har du høve til å bruke noko anna enn kvit bakgrunn? Kvit bakgrunn er effektivt, men lite unikt. Prøv å plassere produktet i eit miljø det høyrer heime i, eller lag ein kontrast ved å bruke ein uvanleg bakgrunn.

Relatert innhald

Oftast vil vi at eit bilete skal gje att fargane i eit motiv så naturtru som mogleg. Men av og til etterbehandlar vi for å gje dei ei bestemt stemning.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 07.09.2022