Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Å visualisere ein bodskap

Eit godt illustrasjonsbilete eller reklamebilete er ikkje berre ei avbilding av eit motiv. Det er eit bilete som først og fremst skal kommunisere ein bodskap. I ein reklametekst må avsendaren forsøkje å fortelje ein bodskap. Eit reklamebilete, derimot, må vise bodskapen.
Reklamebilde for Volkswagen som viser en hund med hodet ut av vinduet i tre forskjellige biltyper. Vanlig bil, elektrisk bil, gte bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

God marknadsføring gir produktet ein eigen identitet gjennom tekst, lyd og bilete som treffer målgruppa godt. Som eksempelbiletet viser, treng ikkje eit godt illustrasjonsbilete nødvendigvis å vere eit bilete av sjølve produktet for å kommunisere effektivt.

Illustrasjonsbilete blir brukt i mange samanhengar. Eksempel kan vere illustrasjonsbilete i bøker, brosjyrer og informasjonsmateriell eller bilete brukt i redaksjonell samanheng til å illustrere ei sak, ein situasjon eller eit fenomen.

Illustrasjonsbilete blir brukt også i reklame. Reklamebilete blir gjerne delte grovt inn etter hensikta til biletet. Er meininga å selje eit produkt snakkar vi gjerne om fotografering av produkt og/eller produkt i bruk.

CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2017