Hopp til innhald

Fagstoff

Foto

Når du skal visualisere eller presentere ein idé for ein kunde eller ein medarbeidar, kan foto eller video vere eit godt hjelpemiddel. Du kan setje produktet eller modellen inn i ein samanheng som framhevar funksjonen.
To designere fotograferer objekter i studio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotografering

Ved å fotografere kan du gjengi modellen eller produktet nøyaktig og ta bilete av modellen både i ulikt miljø, ulikt lys og frå ulike vinklar. Ved hjelp av moderne digital fototeknikk kan du også enkelt plassere produktet ditt inn i kva omgivnader du ønskjer. Foto kan også fortelje om materiale og fargar.

"Be the camera" er ein online kamerasimulator (bethecamera.com). Finn ut korleis du kan ta spanande bilete ved å endra innstillingane for blendaråpning, lukkartid og ISO-verdiar på kamera ditt.

Video

Dersom du brukar video (rørlege bilete), kan det hjelpe deg til å beskrive formene på produktet ditt. Volumet kjem tydelegare fram, og lys og skuggeverknader hjelper dessutan til. Kamerarørsler kan vere med på å illustrere den praktiske bruken av produktet.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 12.03.2020

Læringsressursar

Visualisering