Hopp til innhald

Fagstoff

Modell

Ein modell er med på å synleggjere ein idé du har. Modellar kan lagast av ulike materiale, avhengig av kva som vil eigne seg best for å framstille idéen din. Modellen visualiserer idéen din på ein slik måte at du kan sjå, ta og føle på han.
Modell av ein benk med levegg og eldstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ofte er det best å synleggjere idéen din ved å vise han i form av ein modell. Ein modell kan også tydeleggjere materiale, fargar og overflatestrukturar.

Materiale

Modellar kan lagast av papp, tre, plast eller andre materiale, avhengig av kva som vil eigne seg best for å framstille idéen din. Målet med å lage ein modell er å vise idéen, og det er derfor viktig å lage han så lik som du ser for deg det ferdige produktet.

Skisser og 3d-modeller av stoler. Foto.

For eksempel lagar arkitektar eller ein interiørkonsulent ofte modellar i eit materiale som heiter arkitektpapp eller kapapapp. Dei kan visualisere idéane sine med ein modell, der både interiør, fargar og materiale blir presentert. Målestokk er eit viktig verktøy å bruke i eit slikt arbeid, det vil gje eit betre og meir verkeleg inntrykk av modellen.

3D-printing

3D-skriver. Marsipanmodell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I den nyare tida er det og blitt vanleg å lage modellar ved å bruke 3D-printerar. Prosessen legg til lag for lag nytt materiale i flytande form eller pulverform, og fikserer dette i den ønskte konturen. Prosessen blir styrd av eit dataprogram, og fordelen med 3D-printing er at ein ut frå ei 3D-datafil kan lage ein fysisk del raskt og kostnadsgunstig, utan bruk av støypeverktøy.

Ved å bruke 3D-printer kan du få med alle små detaljar, og du kan i tillegg få ut eit produkt som har ein funksjon.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 23.09.2020

Læringsressursar

Visualisering