Hopp til innhald

Fagstoff

Teikning

Å teikne vil seie å lage eit bilete for hand eller digitalt, med ulike teikneverktøy. Du kan teikne det du ser, eller du kan bruke teikning til å visualisere ein idé. Å teikne kan hjelpe deg med å få ei betre formforståing. Det er viktig at teknikken og reiskapane passar til motivet du teiknar.
Jente som tegner en skisse. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skisse

Ei skisse skal ikkje vere "flinkt teikna", men brukast til å få fram idéar. Her kan du jobbe raskt og bruke ein røff strek. Når du skisserer, viser du gjerne ein utviklingsveg, ein tankegang fram mot målet. Ei skisse kan innehalde ein tankeprosess der du har jobba med form, dekor og farge. Hent gjerne inspirasjon frå bøker, nettet eller omgjevnadane rundt deg når du jobbar i ein skisseprosess. Det er viktig at du ikkje set grenser for korleis ei skisse kan sjå ut. Her er det opp til deg kva du vil skrible ned.

Skisser til laptopbag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Neste del av skisseprosessen vil vere å systematisere dei idéane du har skissa ned og jobbe meir konkret fram mot eit mål. Har du ei oppgåve på skolen der det skal vere ein skisseprosess, kan det vere lurt og ikkje planelegge noko på førehand. Bruk den inspirasjonen du kjem over, og teikn ned alle idéane som du måtte få.

Kontur

Kontur er dei ytre linjene som avgrensar ei form. Når du teiknar skisser, er det vanleg å bruke konturteikning. Då teiknar du berre den ytre forma på motivet/produktet og har med få detaljar.

Skisser av 6 ulike skotyper. Teikning

Valør

Vil du ha meir detaljerte skisser, er det vanleg å legge til litt valørar. Det vil seie at du skraverer motivet i ulike nyansar. Teiknar du med gråblyant vil du ha ein skala frå kvit og lysegrå til mørkegrå, nesten svart. Dette kan du variere med kor mjuk eller hard blyanten er, eller kreftene du legg til når du skraverer. Valørar brukar du når motivet skal stå fram som tredimensjonalt.

Trinnvis inndeling av gråtonar mellom svart og kvit. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digital teikning

Konseptskisse som viser smarttelefon som kan brettes. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med computer-aided design (CAD) kan du lage teikningar og modellar som har mange fordelar samanlikna med handteikna skisser. Blant anna kan du lage tredimensjonale modellar og simulering av produkt.

Du kan bruke illustrasjonsprogram som Adobe Illustrator eller eit enkelt 3D-teikneprogram som heiter Google Sketchup. Det som er viktig, er å finne eit program som passar til det arbeidet du vil gjere, og at det ikkje blir ei hindring på grunn av avansert teknologi.

CC BY-SASkrive av Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2018

Læringsressursar

Visualisering