Hopp til innhald

Fagstoff

Fallulykker

Barn og ungdom blir ofte utsette for fallskadar. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du kunne riktig førstehjelp ved ulike typar skadar som oppstår etter eit fall.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Faktorar som kan ha noko å seie for skaden, er

  • kor langt ned barnet fell
  • om underlaget er hardt eller mjukt
  • flaks eller uflaks

Det kan vere problematisk for dei yngste barna å beskrive kva typar skadar dei har, og kor det gjer vondt. Av og til er barnet meir skadd enn det klarer å formidle.

Skadar ved fall kan vere

  • sår
  • forstuingar og brotskadar
  • blødingar
    • ytre blødingar – lèt seg vanlegvis stoppe
    • indre blødingar – kan vere vanskeleg å oppdage
  • hovudskadar
  • rygg-og nakkeskadar


Du må handle riktig når eit barn har vore utsett for fall. Riktig førstehjelp finn du under Vg1.

Du bør spesielt hugse på følgjande:

  • Oppsøk alltid lege dersom barnet har falle frå store høgder. Men hugs at ein kan også kan få store skadar ved fall frå bagatellmessig høgd.
  • Dersom barnet er medvitslaust, må ein syte for frie luftvegar og sjekke om barnet pustar normalt. Dersom det gjer det, må ein leggje barnet i sideleie. Dersom ein må forlate barnet, må ein først observere det i minst eitt minutt.
  • Sjølv om barnet er skada, bør det liggje i sideleie dersom det er medvitslaust. Du bør gå på førstehjelpskurs for å lære å leggje ein person som kanskje har rygg- eller nakkeskade, i sideleie.
  • Dersom barnet ikkje pustar, må du gi hjarte- og lungeredning.
  • Ved mistanke om indre blødingar må du syte for at personen kjem raskt til sjukehus.
  • Ring 113 dersom du er i tvil om kva du skal gjere.
  • Verkar barnet hardt skadd, bør du helst ikkje flytte barnet før sjukebilen kjem.
  • Sjå etter barnet i timane etter fallet sjølv om det verkar uskadd.
  • Få hjelp til å roe ned dei barna som har sett ulykka.
  • Fortel alltid foreldra om fallskadar.

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Fallulykker"
  1. List opp nokre situasjonar der du sjølv har falle og skadd deg. Fortel
    • kva type situasjon det var
    • kva type skade du fekk
    • om skaden kunne vore unngådd
  2. Repeter riktig førstehjelp ved
    • sår
    • forstuing og brot
    • indre blødingar
    • hovudskadar
  3. I lenkjesamlinga finn du lenkje til ei førstehjelpside. Gjer deg kjend med denne sida.
  4. Kvifor er det viktig å fortelje foreldre om fall som barna har hatt i barnehagen, sjølv om barnet ser friskt ut?
  5. Kva seier du når du ringjer 113?
  6. Du er usikker på om eit barn har fått hjerneristing etter fall i barnehagen. Kva gjer du?
  7. Eit barn har falle frå eit klatrestativ og har feilstilling på venstre fot. Kva er riktig førstehjelp?
  8. Skrubbsår er truleg den typen sår du oftast kjem ut for. Sjå film og gå deretter saman to og to og øv på førstehjelp ved skrubbsår.
  9. Sjå filmen om brot. Ta notat.
  10. Korleis kan du førebyggje fallskadar i
    • barnehagar
    • skular
    • uteområde der barn oppheld seg
  11. Lag ein informasjonsfilm om fallskadar og førstehjelp ved fallskadar. Vel målgruppe.
  12. Bruk nettstaden lommelegen.no. Kva finn du om førstehjelp ved ulike typar fallskadar på denne nettstaden?

Hjerneristing

Symptom ved hjerneristing er

  • kortvarig medvitslaus tilstand etterfølgt av svimmelheit og kvalme

  • minnetap om ting som nettopp har hendt

  • svak hovudpine

SKILDRING

TILTAK

Vake barn
Ved rask gjenvinning av medvitet
Ved medvitsløyse

(Kjelde: Kjell Arne Standal)


Brot

Barn kan vere uheldige og få brot fleire plassar på skjelettet: i bein/ føter, bekken, kne, kragebein, armar, olboge, ribbein, hender og så vidare. Tiltaka varierer gjerne for opne og lukka brot. Her kan du øve deg på å skildre tiltak for nokre utvalde typar brot.

List opp

  • sikre teikn på brot
  • usikre teikn på brot

KROPPSDEL

OPE/LUKKA

TILTAK

Høgre beinLukka
Ope
Venstre armLukka
Ope
RibbeinLukka

(Kjelde: Kjell Arne Standal)

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Kjell Arne Standal.
Sist fagleg oppdatert 10.07.2017

Læringsressursar

Førstehjelp for barne- og ungdomsarbeideren