På denne sida finn du filmar og oppgåver om det å arbeide i bufellesskap eller heime hos dei som treng hjelp.
| |
---|---|
|
|
|
|
Utfordringar til deg
Oppgåver til filmen "Yrke: Helsefagarbeidar i open omsorg"
- Her fortel helsefagarbeidaren at jobben hans er å hjelpe andre til sjølvhjelp. Kva betyr dette?
- Han fortel om ei servicebedrift. Kva er det, kven jobbar der, og kva gjer dei?
- Kva meiner ein med at brukarane treng hjelp i sosialiseringa?
- Kven jobbar saman på denne arbeidsplassen?
- Kva er etiske spørsmål?
- Kor kan helsefagarbeidaren jobbe?
- Kva er rettleiing?
- Kva for eigenskapar treng du når du skal jobbe i eit bufellesskap?
- Kva for rolle har klede i denne jobben?
- Korleis kan du opparbeide gode relasjonar til brukarane?
- Helsefagarbeidaren seier at det ikkje er lurt å bli for privat, kva trur du han meiner?
- "Å hjelpe menneske gir ei god kjensle", seier han i filmen. Korleis kjennest det å ha ei god kjensle?
- Å hjelpe nokon med personleg hygiene er ei arbeidsoppgåve. Korleis trur du brukaren opplever det? Korleis trur du helsefagarbeidaren opplever det?
- Denne mannen arbeider i eit "bufellesskap". Kva er det?
- "For å få til ein god relasjon må ein gi av seg sjølv". Kva betyr det?
Oppgåver til filmen «Intervju med vernepleier»
- Kvifor er det viktig å snakke om seksualitet uansett kva for eit funksjonsnivå menneske har?
- Kva er det som er spesielt med puberteten for denne brukargruppa, ifølgje vernepleiaren?
- Kvifor trur du det kan vere forskjell på korleis familiar pratar om seksualitet?
- Kva er meint med «seksualitet – ett av flere tema»?
- Korleis rettleier dei tilsette i denne filmen om temaet seksualitet?
- Korleis blir dei tilsette rettleidde om temaet seksualitet?
- Når veit vi at tida er inne for å snakke om seksualitet?
- Kvar kan du finne informasjon om seksualitet?
Oppgåver til filmen «Målretta miljøarbeid», BUA
- Kva kan du lære om meistring ved å sjå denne filmen?
- Kvifor er meistring viktig?
- Kva er samanhengen mellom meistring og sjølvkjensle?
- Kva er eit dagsenter?
- Kvifor er det viktig at alle aktivitetar har ei målsetjing?
- Korleis blir kompetanse og relasjonar bygde opp?
- Forklar kva som skjer når dei to speler piano?
- Kva er taktilt?
- Korleis kan personalet sjå brukarane?
- Kva meiner vi med å vere i relasjon til kvarandre?
- Observer og diskuter det de ser i sekvensen der det blir delt ut druer.
- Kva tyder tett personaloppfølging og «ein til ein»?
- Kva er målet med å lage julehjarte?
- Sjå sekvensen om julehjarte og diskuter det de ser.
- Gå saman to og to og lag julehjarte. Éin av dykk er døvblind, den andre er ein av personalet.
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017