Hopp til innhald

Fagstoff

Universell utforming gir like moglegheiter

Universell utforming er viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet. Mange produkt og ulike former for tilrettelegging som i utgangspunktet vart utvikla for personar med funksjonsnedsetjingar, fungerer òg godt for alle andre.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er universell utforming viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet?
  2. Kva produkt kjenner du til, i tillegg til dei som blir nemnde i filmen, som opphavlege vart utvikla som eit hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetjingar?
  3. Korleis kan universell utforming av miljøet vere ein fordel òg for personar utan funksjonsnedsetjingar? Gi døme.

Relatert innhald

Universell utforming er ein måte å planleggje og byggje opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar