Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lett psykisk utviklingshemming

Dette er ein case for fagarbeidaren som skal brukast til å førebu seg til yrkeslivet. Det er ei oppgåve som kan løysast aleine eller i gruppe.
Gut ligg i graset og tenker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Case

Per er 8 år, og han har nettopp begynt i 3. klasse. Han er ein sosial gut, og han trivst godt på skulen. Per har diagnosen lett psykisk utviklingshemma. Han får noko oppfølging og ekstra hjelp i timane på skulen, men har elles fungert fint sosialt saman med dei andre barna. Per har eit godt språk, sjølv om det kan vere noko utydeleg innimellom.

Det ser også ut til at Per har ei god språkforståing, altså at han forstår godt det folk seier til han.

Du jobbar som fagarbeidar på SFO. Ved nokre anledningar har du lagt merke til at Per blir ståande aleine, og det ser ut til at han ikkje deltek i leiken med andre barn på same måten som tidlegare. Det er ikkje observert at dei andre barna oppfører seg ufint mot Per. I samband med frileik på SFO, og når det er utetid, har Per begynt å bli lei seg, og han gir uttrykk for at han ikkje ønsker å delta i leiken. Ut over det seier han lite om kva han tenker på.

Du har kjent Per sidan han begynte i 1. klasse, og du bestemmer deg for å snakke med Per om dette.

Spørsmål

  1. Er det nokon førebuingar du bør gjere før du snakkar med Per, til dømes spørje om nokon andre vaksne har observert noko spesielt?

  2. Er det nokon spesielle omsyn du må ta når du snakkar med Per?

  3. Korleis bør du legge opp samtalen for å skape tryggleik og tillit?

  4. Kva kjenneteiknar ein god samtale, og korleis kan du bruke kunnskap om det for å få til ein god samtale med Per?

CC BY-SARettshavar: NAKU
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar