Hopp til innhald

Fagstoff

La barn ta medansvar for tryggleiken

Eit barn si evne til å passe på seg sjølv er i høg grad avhengig av alder og modning. Evna varierer også frå person til person. Somme barn er innsiktsfulle og gjer risikovurderingar allereie i barnehagealderen, medan andre tek sjansar med eigen tryggleik til langt opp i vaksen alder.
To jenter har på redningsvest og regntøy. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst ingen fasit for kva ei normal utvikling er. Dei fleste treåringar meistrar både språk og motorikk godt, men variasjonane kan vere store. Somme er klønete og fell lett ned frå trea, medan andre meistrar dei mest krevjande øvingane og klatrar i trea som apekattar.

Alle har ei generell plikt til å vere aktsame. Vi forventar at menneske prøver å ta seg i vare, at ein bruker påbode verneutstyr, og at ein følgjer instruksar. Det gjeld også barn og unge. Men vi kan aldri halde barn ansvarlege om dei gløymer å vere aktsame. Ansvaret ligg på dei vaksne.

Det er viktig å gi barna ei grunnleggjande forståing av sikring og tryggleik heilt frå dei er små.

Her er nokre tips:

  • Forklar barna kva sikring og tryggleik er.
  • Gjer alle kjende med tryggleiksrutinar og sikringsutstyr, også barna.
  • Ta barna med på råd og spør dei korleis dei meiner vi kan unngå skadar.
  • Vis med eiga åtferd at det er bra med sikringstiltak. Det skaper ei god grunnhaldning.
  • Bruk same sikringsutstyr som barna.
  • Lag tryggleikskurs for barna, og tilpass kursa etter kor gamle barna er.
  • Be eldre barn passe på dei yngre, for det skaper ansvarskjensle – men ikkje slepp nokon av dei heilt av syne.
  • Arranger møte mellom barn og brannfolk, politi og ambulanseteneste.

Utfordringar til deg

  1. Prat med barn i ulike aldrar og finn ut kva dei gjer for å ta vare på eigen tryggleik.
  2. Prat med tilsette i barnehagar og skular og finn ut kva dei gjer for at barn og unge skal ta medansvar for tryggleiken.
  3. Har du gode idear til korleis ein kan lære barn til å ta eit slikt ansvar?

Relatert innhald

Som ein del av det førebyggjande arbeidet ungdomsklubben gjer, har dei invitert to gutar som har blitt skadde i trafikken. Målet er å få ungdommane til å ta bevisste val når dei ferdast i trafikken.

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Einar Gjærevold. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg