Hopp til innhald

Fagstoff

Farar overalt

Det lurer farar overalt. Sjølv dei mest uskuldige og mest daglegdagse gjenstandane kan vere farlege om uhellet først er ute. Barn kan drukne i ein sølepytt, eller dei kan skade seg alvorleg om dei dett av ein stol. I media kan vi av og til lese om slike tragiske episodar.

Fornuft, tid og risikovurdering

Det er viktig at du ikkje ser deg blind på potensielle farar, for då kan både du og barna bli handlingslamma. Bruk sunn fornuft og ver merksam.

Her er nokre stikkord til faremoment som du bør vere merksam på

  • stikkontaktar
  • komfyrar
  • lause golvteppe og klær på golvet
  • giftige plantar
  • installasjonar med klem
  • fallrisiko
  • takras og istappar
  • leiketøy
  • bekk
  • trafikk
  • sovevogn, turvogn
  • eld (bål, fyrstikker, levande lys)

Helsedirektoratets giftinformasjon kan gi deg mange nyttige opplysningar om gift i plantar, blomar, kjemikalium, produkt, mat, drikke og så vidare.

Gode råd om brannvern og bruk av eld kan du få hos Norsk brannvernforeining.

Utfordringar til deg

  1. Gjer deg kjend med nettstadene til Norsk brannvernforeining og Helsedirektoratets giftinformasjon.
  2. Les vedlegget frå Helsedirektoratet om barn og tryggleik.
  3. Kva vil det seie å bli handlingslamma?
  4. Jobb med orda i punktlista over og svar på desse spørsmåla:
    • Kva typar farar kan skje på kvart punkt?
    • Korleis kan ein førebyggje ulykker på kvart punkt?
  5. Oppsøk barnehagar og skular og finn ut kva dei gjer for å førebyggje ulykker.
  6. Kor ofte bør barnehagar og skular gjennomføre brannøvingar, og korleis kan ein gjere dette?
  7. Gjennomfør ei brannøving i klassen din. Evaluer øvinga etter at de er ferdige.

Relatert innhald

Stadig flere har blitt oppmerksomme på at barn har behov for å utfolde seg. Da er det viktig å forebygge ulykker i lekeområdene. Men av og til kan sikkerhetstiltakene bli for strenge, og enkelte som jobber med barn, mener at barna mister utfordringer og noe av spenningen i hverdagen.

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Einar Gjærevold. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg