Hopp til innhald

Fagstoff

Tryggleik for barn og unge

Å ta godt vare på barn og unge er noko av det viktigaste samfunnet vårt kan gjere. Det blir stilt strenge krav til sikring av stader der dei yngste skal opphalde seg. Risikoen for at eit gutebarn skal døy i ei ulykke, er i dag berre ein nidel av det han var i 1950- og 1960-åra. Også for jenter har risikoen gått dramatisk ned.

Statistikk

For 40–50 år sidan omkom gjennomsnittleg 250 barn under 15 år i ulykker i Noreg kvart år. I 1996 var talet berre 41 barn. I 2017 døyde 120 barn under eit år i sjukdom og ulykke. Tal hente fra ssb.no.

Det finst ingen statistikk over kor mange barneulykker det har vore i Noreg dei seinare åra. Likevel kan vi gå ut frå at talet har gått ned endå meir.

Dei fleste dødsulykkene i 1950- og 1960-åra kom av at barn fall i drikkevassbrønnar. I våre dagar får vi vatnet frå kommunale vassverk, og barn druknar langt sjeldnare. Den nest vanlegaste dødsårsaka var trafikkulykker. Sjølv om biltrafikken er mangedobla sidan 1960, har tryggleiken i trafikken auka kraftig. Bilar og vegar har blitt tryggare, og barn får tidleg opplæring i å meistre trafikken. Ei tredje viktig årsak til at dødstala har gått ned, er at det førebyggjande sikringsarbeidet har blitt mykje betre.

Oppvekstvilkåra for barn har endra seg

Nedgangen i talet på ulykker er eit uttrykk for at oppvekstvilkåra for barn har forandra seg mykje dei seinaste åra.

Om vi samanliknar med førre generasjon, lever barn i dag eit liv der dei sjeldan blir utsette for ulykker og skadar. Barn og unge er det meste av tida saman med vaksne, og dei held til på stader der det er liten ulykkes- og skaderisiko: i barnehagar, skular, skulefritidsordningar eller andre organiserte fritidsaktivitetar.

Mykje av leiken går også føre seg innandørs heime, med dataspel og surfing på Internett.

Omsynet til tryggleik går igjen som ein fellesnemnar i alle organiserte tilbod for barn og unge. Sikringsutstyr og eit stadig betre sikra leikemiljø ute og inne er med på å gi barn større fridom til å leike, samtidig som faren for alvorlege ulykker blir redusert.

Utfordringar til deg

  1. Var det noko i teksten over som overraska deg? Dersom det var det – kvifor?
  2. Bruk sidene til Statistisk sentralbyrå og sjå kva du kan finne ut om barn og ulykker.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg og Einar Gjærevold. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg